GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

27. juni 2020

Solotur rundt Giske

Det går mot slutten av juni og varmen har gjort sitt inntog på Sunnmøre. Litt i varmaste laget. Så eg avtaler med kristin om at ein padletur rundt Giske (kor ellers..) er på sin plass. Men tidleg om morgonen tikkar det inn melding frå Kristin om at nakken er ute av laget. OK. What to do? Ein gjeng har tenkt å padle same turen, men litt seinare utpå dagen, men då har eg andre planar. Eg ettersom eg ikkje har padla allverden siste åra, sit tanken på å gjere turen åleine langt inne. Men ettersom vêrmeldingane held seg og lysten på tur ikke avtek, let eg det stå til.

Det er FULLT både på parkeringsplass og på stranda der vi brukar å legge ut, i det eg passerer kl 11.00 på formiddagen. Småbåthamna neste. Her er det og ein del folk blitt, men stort sett av lokale, så her er framleis parkering å få. Point of no return - her er det berre å la det stå til.

Eg har vel aldri før vore så lettkledd i kajakken før. BH, shorts, padlesko, spruttrekk og vest. Eg gidd ikke ein gong å tenke på å pakke med meg tørrdrakta. Men eg tek med ei supertynn treningsjakke i fall det vert kald trekk utpå. Så mykje for HMS og å kle seg etter vanntemperaturen.....

Eg reknar i grunn med at det vert fullt utpå vatnet og etterkvart. Giske rundt i kajakk er ein flott tur for folk flest på slike dagar.  Men eg ser ikkje ein einaste kajakk på turen rundt. Eg har heile forbaska sjøen for meg sjølv. Men strendene derimot er fulle. Nesten heile vegen rundt. Og der inne ligg folk tett i tett og sveittar i solsteiken med ungehyl og spetakkel, medan eg har det akkurat passe svalt og fint (og stilt) eit stykke ut frå land. Dei skulle berre visst.... Det er så herleg at det knapt finst ord.

Det vart ny rekord rundt. Det skuldast nok mest at det ikkje var nokon å prate med og ikkje min framifrå padleteknikk. Men det var faktisk deilig og, å padle litt åleine. Og i det eg skal til å sjaue kajakken på taket att, kjem det jaggu meg kjentfolk som kan hjelpe til. Nei, det er ingen sak å padle åleine rundt Giske på slike dagar...






1 kommentar:

  1. Så bra du kom deg av gårde! :) Flott tur, noen ganger må man bare ta seg i nakkeskinnet og komme seg av gårde selv om det ikke passer for andre. (y)

    Padlemia

    SvarSlett