Når dagane regnar og bles bort er det berre å hive seg rundt når det er utsikt for opphaldsvær i nokre timar. Med einaste mål å kose oss fek Merete, Anne-Mette og eg oss ein fin kveldstur rundt Nautøya forleden.
 |
| Vi starta i båthamna på Jensholmen |
 |
| Tendensar til sol! Her på sørsida av Nautøya. |
 |
| Sjølvsagt måtte vi bortom og kike på padlegapahuken som er under oppføring. |
 |
| Fint lys ut i havet |
 |
| Været vart berre betre og betre! |
 |
| Blåne bak blåne |
 |
| Litt snirklepadling på vestsida |
 |
| Vi måtte sjølvsagt inn i "pollen" her og. Veit ikkje kva det heiter her inne, men fint er det i kveldinga i alle fall! |
 |
| Aldeles blikkstille på i Herøysundet |
Det vart ikkje ein spesielt lang tur, men vi fekk den til å vare lenge! Fantastisk lys utover, og kjekt av og til å berre sulle litt og! Takk for turen - vonar vi får til fleire!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar