GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

24. mai 2023

Vårnatt i naturen

Ofte kjem ein seg ikkje ut på tur fordi ein kanskje legg lista litt høgt. Mi erfaring er at det enle ofte er det beste. Når det ikkje passar for nokon andre å bli med, finn noko kortreist der du bur, dra etter kveldsmaten og kom heim etter frukost. Det er ikkje alltid ein treng å gjere det så avansert for å få ei kjensle av ekte friluftsliv.

Men å finne noko kortreist ikkje alt for langt frå bilveg, er enklare sagt enn gjort her på mine kantar. Det er folk over alt - hus, hytter og naust. Og der det ikkje er folk, der er det gjerne for bratt eller myrlendt. Men den som leitar finn, og eg har funne meg ein fin plass i akseptabel avstand både frå heimen og bilveg.

Det var litt våtare i bakken der eg slo opp teltet enn førsteinntrykket gav, men greit nok. I regnvær må eg nok flytte meg litt lengre unna utsikta. Litt lenge sidan eg har telta kjenner eg så her trengs litt fleire turar for å få det inn i fingrane. Kondisen kan med fordel også bli betre.

Men alt i alt - det er ei fantastisk kjensle å kunne både sovne til og vakne til lydar frå naturen. Vakne av seg sjølv til fuglekvitter, koke kaffe og berre nyte ei lita ri før eg pakkar i hop og drar heim att. Kan anbefalast!

God tur!

"And into the forest I go, to loose my mind and find my Soul". Vakkert sagt av John Muir

Jepp - der skimtar eg ein mogeleg teltplass.

Denne gongen med formidabel utsikt!

Når ein likevel må ut eit ærend og sola er på veg opp. Her kl 05.22.

Flott utsikt å vakne til!

Teltet funka fint, men eg treng å drille litt på oppsettet.

Det er alltid stas med kokekaffe på tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar