GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten Godøya. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Godøya. Vis alle innlegg

21. september 2019

Mikrotelting på Alnes

Det er lenge sidan eg har vore på telttur med lillemor. Som i grunn er i ferd med å bli stor jente. Difor var eg ekstra spent på om ho framleis ville bli med på telting med mutteren. Og det ville ho!Rett nok med nokre krav: Sjokolade. Potetgull. Kort veg å gå. Kakao med krem. Havregraut til frukost. Og ettersom det var laurdagskvelden syntes eg at dette var heilt innafor.

Sol og fine meldingar. Vi traskar utover. Litt vel langt synes lillemor. Eg har sånn nåkkenlunde sett meg ut kor det kan være fint å telte, men terrenget er vått så det vert litt leiting. Vi finn oss ein plass til slutt likevel, med utsikt over heile leia. Då er det berre å få opp med teltet i ein fart, finne fram kamera og sjokolade, og sette seg godt tilrette oppå ein stein å sjå på at sola går ned i havet. Det vert ei magisk lita stund der på steinen. 

Lillemor seier ikkje så mykje, før ho brått snur seg av kvistar som knekk og får auge på ein hjort som strevar med å klyve opp dei bratte fjellsidene rett bak oss. Det er eit ungdyr, men eit flott eksemplar som teiknar til å verte ein stor kronhjort om eit år eller to. Hjorten kjem seg ikkje opp, men vil ikkje ned heller. Han har sett oss og er ikkje trygg på om det det er så lurt, no midt i hjortejakta. Men til lutt tek fornuften over - han går ned att og finn ei betre rute opp.

Dag går mot kveld, og kveld går mot natt. Himmelen er djup blå, og etter kvart som mørkret tek over, kjem stjernen tydligare fram. Først Karlsvogna, etterkvart kan vi og sjå Melkeveien. Og stjerneskudd. Det er flust av dei ikveld!

Vi sit og småpratar rundt bålet heit til det er på tide å ta kveld. Smarttelefonen får ligge i fred, foruten når vi tek bilder. Ingen ytringar om at det er keisamt, og ingen som frys sjøl når doggen legg seg på bakken. Minsta sloknar tvert og søv godt heile natta.

Mens minsta ville ha havregraut til frukost synes eg det er betre med steikt egg og flesk og fyrer opp kokeapparatet. Kokekaffe høyrer sjølvsagt med på tur, og når herlege duftar når minsta er plutselig ikkje havregraut interessant lengre, så det endar med at eg må dele. Vi kosar oss med lang, god frukost før det er på tide å vende heim att.

Ein magisk tur har det vore, både for liten og stor. Og ikkje minst eit herleg avbrekk frå det digitale tytet vi til stadighet vert utsett for. Så får eg berre krysse fingrane for at minsta aldri vert for stor til å bli med mor på tur.







7. august 2015

Storhornet, 497 m.o.h

Heimattkomen frå Sunnhordland, og med byrjande rutine for mindre fjellturar er det berre å halde fram. Dagens mål: Storhornet på Godøya. Eit mål eg har hatt lenge, men ikkje klart å realisert. Men nuh! I passe grått, men regnfritt turvêr legg eg avgarde oppover frå Alnes. Vegen opp til Alnesvatnet er kjend- her har eg vore fleire gongar før. Så bers det vidare ut i ukjend terreng. Eg må sjølvsagt stoppe ved Johanskyttsteinen- Sunnmøre sitt svar på Trolltunga. Eg stiltrar meg utpå. Mutters åleine, utan moralsk støtte av noko slag. Det sug i magen- eg må verkeleg forkusere for ikkje å verte svimmel. Eg kjem meg like heil og fin inn på fast fjell att og fortsett oppover.

Eg er relativt tidleg ute, men likevel har folk byrja å sige oppover før meg. Dette er eit populært turmål. Og eg forstår kvifor. Utsikta er heilt fantastisk. Hav og fjell og det er så uendeleg vakkert. Eg sit og nyt ei lang stund før eg går ned att. Stoppar opp ved Alnesvatnet, og på sletta rett ovom Alnes- favorittutsynsplassen min. Vel nede att kjem regnet, men det gjer ingen verdens ting. Storhornet er erobra og lukka fullkomen.























9. oktober 2014

Godøya rundt. Nesten

Dagane vert merkbart kortare og no er det siste sjanse til å få seg ein tur etter jobb. Av fleire alternativer landa vi på å Godøya rundt. Veret er bra og det er greie vindmeldingar for Alnes med 4/5 m/s, men på Vigra melder yr.no friske 6-9 m/s med aukning opp mot 11 seint på kvelden. Frå søraust. Ikkje den mest optimale vindretninga når du vel å padle så langt ute som det er mogeleg. Etter ein reality check med dei faktiske forhalda legg vi meldingane for Vigra til grunn og legg plan A, B og C. Vi startar i småbåthavna på Alnes og padlar austover slik at vi får vinden i mot først. Vert vi slitne returnerer vi berre. Fortsett vi kan vi stort sett gå i land kor som helst, traske oss tilbake til bilveg og ringe etter taxi.

Vi gyv laus på motvinden. Det går rimelig greitt og vi rundar Furkenholmen ved godt mot. No kjem både vind og bølger frå sida og med grønlandsåre kjenner eg meg ikkje heilt trygg. Men det kjem seg og med litt balansekunstar er vi ved Høgstein fyr. Vi har ikkje meir enn tida og vegen med tanke på dagslyset så vi droppar planen om ein ilandstigning. Og surfar oss utover på sørsida i staden. Kjekt å ha både sjøen og vinden på si side.





Mat. Vi må ha mat før vi tek siste etappe tilbake på vestsida mot Alnes. Og dopause. Av erfaring veit vi at det ikkje er lett å stige i land på yttersida heilt utan vidare om ein må. Fullt mogeleg, men det vert neppe tørrskodd. Og vi har no ein times padling att. Som sagt så gjort. Vi er effektive både med det eine og andre, og sig utpå igjen i nydeleg kveldslys. Med vind i frå søraust burde vi ligge litt i le siste biten og eg ser for meg reine sjarmøretappen innover att. Men den gong ei. I det vi stikk nasen utom vika får vi vinden midt i fleisen. Og det berre aukar på. Når vi rundar Lesten har eg nesten ikkje framdrift. Eg tenkjer at om eg sluttar å padle no fær eg like til unaiten, stressar litt og sluttar å tenkje logisk. F@en i h..vete.....Eg kjenner at eg ikkje har så mykje meire krefter å gi. Lene ser og forstår, og klipsar seg innpå. Fær vi til havs no gjer vi det i lag, og det er utruleg kva slikt gjer med psyken. No er det teamwork og vi går for seier! Vi konsar om eit og eit padletak, meter for meter. Inn i mellom snur vi oss og ser på den mest fantastiske solnedgangen ever. Men vi kan ikkje stoppe opp no for å ta bilete, her må det jobbast for harde livet heile tida.





Fyret på Alnes- livlina til mang ein sjøfarar- kjem nærare og nærare. Sola har takka for seg, det skymest og fullmånen viser seg bakom fjellet. Alt slitet er gløymt for eit sekund eller to, heilt til vi kjem på at vi må forbi surfesona. Med grønlandsåre.......Heldigvis er surfesona kort i kveld og ikkje er bølgene allverden heller, men det er flo og då må vi passe oss for steinane. Hmmmm........Bølgene og vinden kjem frå kvar sin kant og bryt i hop så vassfauken står. Det er uråd å sjå kor store dei eigentleg er. Hmmm.....Det kjem eit sett med store bølger og når dei har dundra i frå seg hiv vi oss rundt og siktar mot land. Her er det om å gjere å ikkje få surf. Og jaggu meg klarer vi det! Aldri har eg hatt ei så nervepirrande ilandstiging før, og haldri har eg vore så glad for all surfetreninga eg har hatt på nettop denne stranda. Og det er lenge sidan eg har vore så sliten etter ein tur. Men nøgd! Du verden for ein tur. Ein av dei mest innhaldsrike så langt når det gjeld padleutfordringar. Smila våre går heilt rundt. Vi debriefar og går gjennom vala vi tok. Worst case hadde vore å snu ved Lesten, gå i land der vi allereide visste det gjekk og ta beina fatt. Ikkje noko dramatikk i det. Utruleg kjekt å erfare på ordentleg, at vi tek val trygt innafor det som er forsvarleg og løyser utfordringane under vegs, basert på erfaring, ferdigheiter og øving i trygge omgjevnader- samstundes som vi tøyer eigne grenser. Hurra for gode padlekompisar- eg berre seier det!

Takk for ein særdeles innhaldsrik tur Lene- eg gler meg til neste :)



2. mars 2014

Lesten

No var det igrunn ikkje meininga å skrive om kvar ein søndagstur, men denne var so fin at eg berre måtte. Attpåtil fekk eg lokka med meg husets tenåring-og berre det er jo verdt ei notis! Start på Alnes, opp til Alnesvatnet for pause og mat/sjokolade. Vidare i retning Lesten- stien går langs kanten på Godøya- rimeleg spektakulært og minner veldig om Runde. Men alle dei andre søndagsturgåarane skulle på Storhornet so vi fekk herligheita stort sett for oss sjølve. Det tok litt lengre tid enn vi trudde, men ingen vart sure av den grunn (!!!). Flott tur med kongeleg utsyn omtrent heile vegen og kan absolutt anbefalast!









26. januar 2014

"Vintertelting" på Alnes



Lene har kjøpt seg nytt telt og var gira på vintertelting, og eg let meg lett overtale til testtur. Ideelt sett skulle vi sjølsagt testa på kvite vidder, men her omkring er dét for tida ein mangelvare. Ruskete meldingar (16-17 m/s) i sikte og Alnes vert valgt som turmål. Då er det kort veg heim om det véret vert for tøft.

Rett nok bles det litt i løpet av kvelden, men ikkje i nærleiken av varselet. Lene har i tillegg klart å plukke ut den eine vindstille plassen på heile Godøya. Men pytt- bål, god mat og mild januarkveld er greitt det og!

Neste dag er det pakking av teltleir, fotosafari og grottevandring. 22 timar godt utnytta kvalitetstid. Men vintertelting?
Tja- spørs om vi må ta ein tur til, når snøen kjem….