GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

21. september 2019

Mikrotelting på Alnes

Det er lenge sidan eg har vore på telttur med lillemor. Som i grunn er i ferd med å bli stor jente. Difor var eg ekstra spent på om ho framleis ville bli med på telting med mutteren. Og det ville ho!Rett nok med nokre krav: Sjokolade. Potetgull. Kort veg å gå. Kakao med krem. Havregraut til frukost. Og ettersom det var laurdagskvelden syntes eg at dette var heilt innafor.

Sol og fine meldingar. Vi traskar utover. Litt vel langt synes lillemor. Eg har sånn nåkkenlunde sett meg ut kor det kan være fint å telte, men terrenget er vått så det vert litt leiting. Vi finn oss ein plass til slutt likevel, med utsikt over heile leia. Då er det berre å få opp med teltet i ein fart, finne fram kamera og sjokolade, og sette seg godt tilrette oppå ein stein å sjå på at sola går ned i havet. Det vert ei magisk lita stund der på steinen. 

Lillemor seier ikkje så mykje, før ho brått snur seg av kvistar som knekk og får auge på ein hjort som strevar med å klyve opp dei bratte fjellsidene rett bak oss. Det er eit ungdyr, men eit flott eksemplar som teiknar til å verte ein stor kronhjort om eit år eller to. Hjorten kjem seg ikkje opp, men vil ikkje ned heller. Han har sett oss og er ikkje trygg på om det det er så lurt, no midt i hjortejakta. Men til lutt tek fornuften over - han går ned att og finn ei betre rute opp.

Dag går mot kveld, og kveld går mot natt. Himmelen er djup blå, og etter kvart som mørkret tek over, kjem stjernen tydligare fram. Først Karlsvogna, etterkvart kan vi og sjå Melkeveien. Og stjerneskudd. Det er flust av dei ikveld!

Vi sit og småpratar rundt bålet heit til det er på tide å ta kveld. Smarttelefonen får ligge i fred, foruten når vi tek bilder. Ingen ytringar om at det er keisamt, og ingen som frys sjøl når doggen legg seg på bakken. Minsta sloknar tvert og søv godt heile natta.

Mens minsta ville ha havregraut til frukost synes eg det er betre med steikt egg og flesk og fyrer opp kokeapparatet. Kokekaffe høyrer sjølvsagt med på tur, og når herlege duftar når minsta er plutselig ikkje havregraut interessant lengre, så det endar med at eg må dele. Vi kosar oss med lang, god frukost før det er på tide å vende heim att.

Ein magisk tur har det vore, både for liten og stor. Og ikkje minst eit herleg avbrekk frå det digitale tytet vi til stadighet vert utsett for. Så får eg berre krysse fingrane for at minsta aldri vert for stor til å bli med mor på tur.







1 kommentar: