GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

9. mai 2025

Kveldstur i Eiksund

Målet mitt for i år er å få dreis både på skulder og padleform, og då må ein jo sjølvsagt padle, så eg fekk med meg Lene & Lene på tur ein kveld med finevær til Eiksund. For når det er finevær då bles det alltid meir enn kva eg likar, og Eiksund er eit av alternativa då. Dessutan har eg jo oppdaga at det er eit rett fint område å padle i.

Målet var å snirklepadle i Selvågane, stile over mot Måløya, runde øya og ete middag på Eika. Som sagt så gjort. Utover mot Selvågane passerte vi Toralfbuda som er ei relativt ny DNT hytte. Og der stod det tre glade padledamer og vinka til oss frå terrassen. Sjølvsagt måtte vi stoppe opp for ein padleprat - det er jo alltid kjekt.

Fin start i småbåthavna i Eiksund

Dagens mål - Måløya (passe navn...!). Laupsnipa i det fjerne.

Snirkling i Selvågane

Ved Måløya har eg berre vore ein gong, så eg har eigentleg ikkje greie på om det er fint å padle rundt den eller ikkje. Aust- og nordsida som er det ein ser frå Eiksund ser ikkje særleg spennande ut på avstand, og er det ikkje heller - bortsett frå eit lite sund som er fint å padle i. Men du verden kor fint det var når vi runda sørsida! Neste gong eg er her ute skal eg ta meg tid til å snirkle litt meir mellom holmane på veg over mot Eika, men denne kvelden lot vi fuglane få fred ig tok vegen rett over. Svolten byrja å gnage noko alvorleg, og beina hadde behov for ein strekk.

Runding av Måløya.

Innover att. Volda inst inne th

Over mot Eika

Pga av arbeid i Selvågtunellen kunne vi ikkje sitte ubegrensa lenge for å unngå å måtte vente så lenge på kolonnekøyringa. Men vi fekk i oss middag, kvilt skrotten og nytt kveldssola ein times tid. Vel ute i kajakkane att hadde det stilna aldeles, og siste biten innover gjekk på speilblankt hav. Det er stort sett alltid fint å padle uansett, men slike fløyelskveldar er det ingenting som slår.


Beinstrekk på land. Lene tv og Lene th :)

Klar for siste etappe

 Blikkstille snirkling langs Eika. 

Då var turen over for denne gong!

Vi kom på land akkurat tidsnok til å klare å sjaue kajakkane på taket, men padlebekledninga fekk være på heilt heim. Det kallar eg god timing! Flott tur i flott selskap, og kjekt dokke tok turen over fjorden ein fredag ettermiddag!

27. april 2025

Vattøya

 Våren er i kjømda og det er på tide å komme i padleform att. Nydelege værmeldingar utan for mykje vind lokkar, og tur til Vattøya er innafor. Anne-Mette er med, og tidleg ein laurdags morgon legg vi ut frå Osnessanden. Med finværet kjem det gjerne vind ut på ettermiddagen utan at dette er meldt, så tidleg på`an er alltid tryggast.

To flotte blåe klar for tur.

Silkeføre!

Straka vegen ut mot Vattøya er veldig kjedeleg, så vi legg turen via Håkonsholmen og Byholmane. Er vi heldige er det litt tung sjø ute med Vattøya så vi kan leike litt, men sjøen ligg speilblank og fin så det spørs. Anne-Mette har ikkje vore her ute før og det er jo alltid litt kjekt å vise fram fine padleturar. Kjekt vert det uansett - leik eller ikkje.

Snart ute ved Håkonsholmen (tv)

Ute ved Byholmane. Liten stopp for å fikse på linsene.

Vattøya innan rekkevidde.

Ute ved Vattøya er sjøen framleis like blank - det er ikkje ein gong små dønningar. Hjelmen får ligge trygt i kajakken denne gongen. Ikkje er det mykje fugl å sjå heller. Litt bekymringsfult, for her har det då brukt å være vore mykje liv tidligare......

Når vi først er her ute rundar Lyngøya og, før vi finn eit høveleg berg å lunsje på. Sandøya vart akkurat litt for langt denne gongen, men då har eg jo eit påskudd for å ta turen om att litt seinare.

Lampa på Ytre Forløysinga (!) visar veg.

Eg må seriøst gjere nokke med paddingen i kajakken, for eg har store problemer med nokre musklar som kjem i klem. Beinstrekk på land er naudsynt! Vårsol og svaberg er no heller aldri feil. På denne tida av året har vi jo og sjøen for oss sjølve, det er jo ein ekstra bonus. Etter ein times tid pakkar vi saman og set kursen heimover.

Lunsj i sola.

Utsikt innover att. 

Ulsteinvik i det fjerne.


Sandbotnen og naustrekkea på Osnessanden er alltid fotogen

Det er jo ikkje så mykje som skjer på slike rolege turar eigentleg. Poenget er berre å være ute og nyte litt. Prate og kose oss, bli betre kjent, planlegge nye turar, løse verdensproblem - slike ting. Ikkje nokke spektakulært, men likevel utruleg flott likevel! Aldeles undervurdert spør du meg.

Dagens distanse vart på 11,5 km, passe langt for skuldra akkurat no, men vonar sakte opptrapping gjer seg. Takk for ein kanonfin tur Anne-Mette - eg er klar for fleire turar!!

14. april 2025

Påskepadling rundt Giske

Det byrjar å bli ei stund siden sist eg var utpå, og med mål om å få opp padleformen til sommaren er det ikkje meir enn tid og veg att. Giske rundt er ein alltid like fin klassikar, passe langt og lenge nok sidan eg har padla til at eg gidd å kave meg over fjorden. Litt grått og småsur nordavind, men Lene og eg er ved godt mot trass dårleg form. Her er det mogeleg å avbryte turen kor tid som helst og traske attende til bilen.

Roleg tempo er det som skal til i motvind med framleis dårleg skulder. Heldigvis er Lene i like dårleg form som meg, så det er null stress. Beinstrekk på land med sjokolade og appelsin (det er trass alt 2. påskedag) i Øydegardshamna må til. Her held Ocean Sound Rrecording Studio til så vi kallar stranda her berre for Stuidostranda. Synes eigentleg at vi kan få lov til å bli med på eit platecover ved høve, så det er berre å ta kontakt.

Runden rundt går fint form og skulder til tross. Vellukka oppkøyring til sommaren er konklusjonen, og vel tilbake i bilen kom regnet! Ikkje nokke å klage på mao! 

Tuppen og Lillemor klare for tur. Nesten likt kledd fro anledningen


Grått, men ikkje vått mot Godøya i dag.

Lene

Øydegardshavna - eller Studiostranda som vi kallar den

Lekre kajakkar? Platestudio i bakgrunnen.

Snart runda Giske

1. april 2025

Klubbtur i Eiksund

Eigentleg hadde eg tenkt meg ein tur på ski, men etter å ha googla stoda på løypene i Ørsta, tok eg ein 180 og heiv meg med på klubbtur i Eiksund i staden. Litt kort tid på å få kajakkstativet på plass, pakke, laste og køyre, men det gjekk akkurat!

Anne-Mette er klar for tur!

Eg har eigentleg aldri vore so begeistra for Eiksund. Heilt sikkert fordi dei turane eg har vore på her mest har vore rundt Eika, der eine sida eg fin og andre drepande kjedeleg (sorry - ikkje skyt..!). Men turleiar Gunnar har andre planar. Via Selvågane skal vi padle til Måløya, inn mot Eika og tilbake. Høyest bra ut!

Det er vår i lufta når vi padla utover mot Selvågane. Speilblankt og lekker solnedgang med litt kaldsnekje, men vår i lufta. Padleformen er litt rusten, men etterkvart som eg vert varm i skrotten gjekk det litt lettare. Skuldra er framleis litt kranglete, men då er det jo berre å ha betre teknikk, ikkje sant? Nuvel - det er nok litt å gå på der og....

4 glade padlarar på tur

Fløyelspadling

Over mot Måløya byrjar det å skymes, men månen heng over oss så det vil uansett ikkje bli heilt mørkt. Vi finn ut at om vi tek vegen heilt ut til Måløya rekk vi likevel ein kort beinstrekk på land til at eg når kolonnekøyringa gjennom Selvågtunellen klokka 20.30. Det er nemleg ein fin "kanal" her som berre må sjåast etter det som vert meg fortalt. Og ettersom eg ikkje har vore her før (Måløya ser rimeleg kjedeleg ut frå avstand nemleg...) så stemmer eg for, sjølv om armane byrjar å bli lange.

Og jaggu er her flott! Eit smalt sund med sandbotn, krystalklart vatn, nesten fullmåne, vår i lufta.... Det kan ikkje bli betre. Og dermed fekk padling i Eiksund seg ei stjerne i boka.

Snirkling mellom Måløya og Bjørnen (trur eg..)

Etterå går kursen over mot Eika. Gunnar har planar for kor vi skal ta oss ein kort beinstrekk, og det er berre å følge på. Og trur du ikkje han har ordna med ved til bål og greier? Jaudå, sjølsagt har han det. Vi riggar oss til med kaffi og noko attåt. Anne-Mette byr på sjokoladekake, Gunnar får fyr på bålet, Sigrid kvitrar om kapp med fuglane og månen lyser på kveldshimmelen. 

Lekkert i skyminga!

Båling er alltid stas!

Etter ein halvtime kjem vi oss ut på vatnet att medan månen føl oss siste biten attende til Eiksund. Treng eg seie det var magisk? Og det på ein heilt alminneleg tysdag. Padling i Eiksund fekk seg heilt klart eit løft etter denne turen!


Takk for superfin tur!!

27. februar 2025

På glattisen

Så kom vi oss på skeiser i år og! Det såg lenge mørkt ut - men so klinka det til med minusgrader akkurat lenge nok til at isen la seg på Hjørungdalsvatnet i midten av februar. Då er det veldig greit å ha ein lokal helt til kollaga som kan komme med daglege rapportartar kor vidt isen er trygg eller ikkje.

Hjørungdalsvatnet er utruleg flott! Stort nok til at det tek si tid å gå ein heil runde, men lite nok til at det "skjer" noko heile vegen langsmed. Der er holmar og viker, furukoller, ur og siv. Mykje å sjå på under vegs med andre ord, og veldig vakkert.

Eg gler meg til å vise Lene vatnet ettersom ho ikkje har vore her før. Kollega Sveinung og ein kompis møter oss nede på isen - det er alltid kjekt å være fleire. Isen ser bra ut og når vi måler er det 12-15 cm tjukk stålis og evig trygg nok.

Stålis og Lene er klar!

Som vanleg tek det litt tid å venne seg til skeisene og balansekunsten vert ikkje betre med åra. Ungdommen fyk avgarde medan vi ikkje fullt så unge prioriterer helsa framfor fart. Isen syng medan vi går - vakre spiooooong`ar og skarpe smell. Det er noko naturstridig i å gå på blankt vatn, så litt skremmande i byrjinga heilt til ein vert van med det og trygg på isen. 

Også på skeiser gjeld det å snirkle seg mellom der det er mogeleg.

Etter ein liten oppvarmingsrunde slår vi følge med ungdommen til sørenden av isen. Her er det ei lita elv som er farbar på skeiser, og som Sveinung vil vise oss. Men under vegs slår forskertrangen til når store bobler i isen dukkar opp. Kanhende er dei sopass fulle av metangass at det brenn? Fyrstikka får eit ekstra blaff når vi tek hol på isen, men den heilt store flammen uteblir. Men artig lell!


Det er kult med bobler i isen.

Så tek vi oss ein tur oppover "elva" til Sveinung. Assosiasjonar til "Overfloden" og Brødrene Dahl kjem fort. Elva slyngar seg innover marka delvis skjult av vegetasjonen langsmed så det er ikkje lett å sjå kor den endar. Og med fire vaksne oppå slepp isen tak i elvebredden med eit drønn og spenniga stig eit hakk. Ikkje at det er spesielt djupt her (lovar Sveinung), men vi hadde ikkje akkurat planlagt for å vasse...Heldigvis var isen så tjukk at den ikkje braut sund i tillegg så vi slapp å bli våte.

Dritkult å gå skiser innover markene!



Etter miniekspedisjonen oppver "Overfloden" byrja beina å få nok. Telefonen tok kvelden så det vart heller ikkje fleire bilder og dagslyset var i ferd med takke for seg. Ein flott tur vart det uansett, og veldig kjekt å få seg ein tur på skeiser!


Takk fore turen, og så er det å håpe på is til neste år og :)

2. februar 2025

Heile Noreg bålar

18.januar var den offisielle opningsdagen for Friluftsårets År 2025 og med oppmoding om båling over det ganske land. Og kajakklubben måtte sjølvsagt være med på det! Det var meldt litt kastevind, men ikkje verre enn det vi kunne handtere. Vi skulle trass alt ikkje lenger enn til den nye padlehuken ca 2,5 km frå klubbnaustet.

Vi var 7 stk som la frå kai 12.30 og 2 og 1/2 som tok beina fatt - ikkje værst på ein laurdag formiddag. Eg var litt spent på korleis skuldra skulle handtere motvind og bølger, men det gjekk greit nok. Litt vindfullt til tider var det og skvalpete sjø, men alle kom velberga til land.


Anne-Mette, Hege og Sigrid.

Fint når sola stig!

Endelig framme!

Det vart litt lite bildetaking på veg utover. Motvind og sidebølger gir ikkje optimale høve til å ta bilder, trur fort det kunne blitt lit bading om eg forsøkte. Men bortsett frå vinden var i grunn vèret ganske greit. Vårlege temperaturar og til dels blå himmel. Kaffi på bålet sjølvsagt, pølsegrilling og eplekake. Eg driv nemleg og snikinnfører kokekaffi på turar og når folket ber om påfyll er det jo håp! Trur det må bli litt meir kaffikok på turane framover.

Ein kan også nå padlehuken til fots - kjekt for dei minste det!

Eg fekk og endelig høve til å teste ut ein av dei mest fantastiske julegåvene eg nokon sinne har fått trur eg. Lene driv for tida og fargar garn med mose og lav ho plukkar sjølv - og trur du ikkje ho har strikka og tova eit heilt fantastisk flott sitteunderlag til meg av dette garnet då!! Dette varma langt inn i sjela altså, og ikkje berre stumpen.

Finaste julegåva frå Lene!

Etter eit par timar med drøs og kos i padlehuken, tok vi mette og nøgde fatt på heimvegen att. Vinden hadde stilna og det vart reine silkeføret heim att. Dagane er korte på denne tida, og sola var i ferd med å ta kvelden når vi la avgarde.

Heldigvis lite vind på heimvegen!

Korte dagar og og lyset forsvinn fort!

Siste etappe fram til klubbnaustet. Sigrid leder an!

Veldig kjekk tur med kjekke folk. Skuldra har kjent det no i ettertid, men eg kryssar fingrane for at den kjem seg med tida. Takke for turen :)



15. november 2024

Rundt Hatløya - stille før stormen

Om ikkje sommaren vart bra i år kunne ein jo håpe på ein fin haust, men den gong ei. Regnet vil ingen ende ta, så når det ført vert opphald grip ein sjansen til tur før den meldte stormen som skal komme tek laus. Og det er faktisk "stille før stormen" når eg legg utpå. Speilblankt faktisk! Litt variasjon på turmålet må til, så denne gongen padlar eg rundt Hatløya MED klokka, og ikkje MOT slik eg brukar.

Det er deilig å være på sjøen i dag. Mildt og fint og stilt. Båtlivet har gitt seg for sesongen, og det er berre nokre få av oss som framleid badar. Denne gongen måtte søndagsbadet vike for padling - ein rekk ikkje med alt.

Lampa på Boholmen (helt tv i bildet) og Dimna sett frå uvant hald

Eg siktar meg inn mot Kloholmane der det er ein fin lagune og potensiell teltplass eg må sjekke ut ved høve. Midtfjords finn eg ein daud fugl av noko slag. Eg er ikkje spesielt god på slikt, men ut frå bilete på det store internettet synes eg det liknar på ei alke, kanhende ungfugl? Framme ved Kloholmane ser eg det sit ei stor ørn i ein busk, men den lettar og forsvinn når eg nærmar meg fjellveggen. Eg burde lære meg meir om fuglar for det er alltid kjekt å vete kva ein ser på sin veg, men tippar det er ei havørn.

Kan det være ei alke, nokon som veit? Heldigvis ikkje teke sin daud av nylontau, men trist likevel


Havørn (?) ved Kloholmen

Håkonsholmen bakerst til høgre.


Forbi Klohomane og inn mot Borgarøya fekk eg lyst å kike meg litt rundt der eg ikkje brukar å padle. Det kan jo være greit å variere turen litt. Kanskje går det å snike seg mellom det som ser ut som to holmar lenger inne og. På vegen dit padlar eg forbi eit naust og eit annekse som ein kollega har teikna. Det riggar så fint både i landskap og med dei gamle husa synes eg, gamalt og nytt i skjønn foreining. Litt lengre inne håpar eg på å kunne snirkle inn i mellom og over mot Borgarøya med det gjekk ikkje gitt ikkje. Berre å snu og padle ut att!


Innsida av Hatløya. Sjeldan eg padlar attmed land her.

Litt arkitekturbefaring må til. Nytt naust og anneks teikna av kollega Ingvill.


Gjekk visst ikkje an å padle rundt her....Full stop!


Eg gidd sjeldan gå i land når eg er ute åleine på denne runden sjølv om eg ALLTID har med ein lite matbit og noko attåt. Ved Borgarøya var det folk, så då droppa eg det i alle fall, og nista vart heller ete om bord med kakao servert på dekk før eg stakk nasen ut mot havet att. Men kakaoen smakte like godt for det.

Handelsstaden på Borgarøya - også frå ein annan vinkel.


Yttersida av Hatløya er det absolutt finaste stykket på heile turen uansett kva for veg, men eg må tilstå eg likar spesielt å runde frå sør og så vestover. Lyset denne vegen er berre heilt nydeleg.

Ut mot havet att. Alltid like fint å runde sørenden av Hatløya.

Roppehornet og Veten ut mot Flø i syningom.


Siste stopp før kryssinga over mot Osnessanden att er Håkonsholmen. Dette er ei lita perle og heldige er dei som får bruke denne idyllen. Eg trur heilt sikkert eg hadde blitt fastbuande her ute om eg hadde eigd det sjølv. Så kunne eg hatt nokre høner og eit par sauer, heimekontor og berre dra til  by`n når eg trengte litt melk og kaffi og slikt. Men eg må nok nøye meg med telt enn so lenge...

Idyllen på Håkonsholmen litt meir på kloss hald.

Tilbake til Osnessanden

Siste del av turen er litt kjedelig, men været er fint og sjøen enno speilblank. Og då er det ikkje so værst likevel. Fin tur vart det i alle fall og kjekt å få lufta seg litt før stormen kjem.