GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten Vattøya. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vattøya. Vis alle innlegg

27. april 2025

Vattøya

 Våren er i kjømda og det er på tide å komme i padleform att. Nydelege værmeldingar utan for mykje vind lokkar, og tur til Vattøya er innafor. Anne-Mette er med, og tidleg ein laurdags morgon legg vi ut frå Osnessanden. Med finværet kjem det gjerne vind ut på ettermiddagen utan at dette er meldt, så tidleg på`an er alltid tryggast.

To flotte blåe klar for tur.

Silkeføre!

Straka vegen ut mot Vattøya er veldig kjedeleg, så vi legg turen via Håkonsholmen og Byholmane. Er vi heldige er det litt tung sjø ute med Vattøya så vi kan leike litt, men sjøen ligg speilblank og fin så det spørs. Anne-Mette har ikkje vore her ute før og det er jo alltid litt kjekt å vise fram fine padleturar. Kjekt vert det uansett - leik eller ikkje.

Snart ute ved Håkonsholmen (tv)

Ute ved Byholmane. Liten stopp for å fikse på linsene.

Vattøya innan rekkevidde.

Ute ved Vattøya er sjøen framleis like blank - det er ikkje ein gong små dønningar. Hjelmen får ligge trygt i kajakken denne gongen. Ikkje er det mykje fugl å sjå heller. Litt bekymringsfult, for her har det då brukt å være vore mykje liv tidligare......

Når vi først er her ute rundar Lyngøya og, før vi finn eit høveleg berg å lunsje på. Sandøya vart akkurat litt for langt denne gongen, men då har eg jo eit påskudd for å ta turen om att litt seinare.

Lampa på Ytre Forløysinga (!) visar veg.

Eg må seriøst gjere nokke med paddingen i kajakken, for eg har store problemer med nokre musklar som kjem i klem. Beinstrekk på land er naudsynt! Vårsol og svaberg er no heller aldri feil. På denne tida av året har vi jo og sjøen for oss sjølve, det er jo ein ekstra bonus. Etter ein times tid pakkar vi saman og set kursen heimover.

Lunsj i sola.

Utsikt innover att. 

Ulsteinvik i det fjerne.


Sandbotnen og naustrekkea på Osnessanden er alltid fotogen

Det er jo ikkje så mykje som skjer på slike rolege turar eigentleg. Poenget er berre å være ute og nyte litt. Prate og kose oss, bli betre kjent, planlegge nye turar, løse verdensproblem - slike ting. Ikkje nokke spektakulært, men likevel utruleg flott likevel! Aldeles undervurdert spør du meg.

Dagens distanse vart på 11,5 km, passe langt for skuldra akkurat no, men vonar sakte opptrapping gjer seg. Takk for ein kanonfin tur Anne-Mette - eg er klar for fleire turar!!

16. april 2023

Tur rundt Vattøya

Det er lenge sidan eg har padla rundt Vattøya no. Den ligg nokså langt frå land og ligg rimeleg eksponert til. Vinden tek godt her, og det er stort sett brukbart med dønningar som gjer det litt utfordrande enkelte stader. Dette er mao ein stad eg nødig padlar åleine. Bortsett frå på ein dag som denne - når det er strålande sol og blikkstille hav. Og det er ikkje ofte. Eg starta tidleg frå Osnessanden for å utnytte dagen.

Flatt hav!

Ute ved Håkonsholmen


Her har eg komme til Byholmane. Vattøya kan skimtas lengre bak.

Det er så stille det kan bli når eg startar, og eg har sjøen heilt for meg sjølv. Straka vegen ut til Vattøya vert kjeisamt, så eg sneiar innom Håkonsholmen og Byholmane på vegen. Litt meir drag i lufta er det ute ved Byholmane, men berre så vidt. Eg siktar meg inn på lampa eg kan sjå ute ved Vattøya og kjenner litt på at eg no er i ferd med å begi meg ut mot det opne havet. Åleine. Men ikkje bles det og det er knapt nok dønningar. Og eg treng jo ikkje gå på utsida av Vattøya om sjøen er større der ute.

Kryssinga ut mot Vattøya er unnagjort! Her ute ved Ytre Forløysinga. Artig navn.

Ut mot storhavet.

Det er stilt også ute ved Vattøya, så eg vel å padle rundt. Eg veit det er nokre brott å passe seg for her ute, men i dag er det ingen fare. På den nordvestlege delen er det natureservat med ferdselsforbode  i tida 01.05-31.07, men det er enno April. Eg både høyrer og ser mykje fuggel så  hekkinga er nok i emning. Etter ei lita ri rundar eg Vattøya på austida. No er det på tide å finne seg ein rasteplass litt unna folk. Her ute har det vore fastbuande med eigen skule og greier, men no er det berre hyttefolket att. Eg finn meg eit nest med god utsikt både nordover og sørover.

Utsikt mot Flø og Roppehornet. Godøya kan skimtast lengst bak.

Utsikt i retning Ulsteinvik

Etter ein halvtime i sola gjer eg meg klar for heimveg att. Straka vegen inn mot Ulsteinvik er like keisam denne vegen òg, så eg legg like godt ruta innom Byholmane og Håkonsholmen. Men først litt rekognosering langs land på sørsida.

Ytre Forløysinga sett frå aust. Det ligg faktisk ei hytte så vidt synleg th. i bilete.


Det er vår i lufta, men framleis godt med snø i fjella


Vel attende til Håkonsholmen traff eg kjentfolk i kajakk. Kjekt då å slå følge siste biten inn. Vi tok turen gjennom sundet for her er det alltid så flott.

Håkonsholmen sett frå yttersida


Lekkert! Ulsteinvik rett fram.


Den flotte sjøbuda på Håkonsholmen

Vel attende på Osnessanden att har resten av bygda vakna til liv. Eg pakkar saman vel fornøgd med turen. Det er som sagt ikkje ofte det er mogeleg (dvs. lurt) å padle åleine ut til Vattøya, men i dag var altså ein slik dag. 11,5 km t/rt vart det - ikkje allverden, men ein finfin start på dagen!

22. oktober 2013

Husmorpadling

Mildrid og eg har endeleg klart å ordne oss med barnevakt samstundes, så då er det berre å hive seg rundt og pakke kajakkane med telt og spetakkel. Å få plass til alt i kajakken er ei utfordring. Det gjekk med eit nødskrik og her er heilt klart forbetringspotensiale i pakketeknikk.

Frå Ulsteinvik sentrum padla vi innover mot Straumane. I eit infall av reint overmot sjekka vi ikkje tidevannstabellen - vi fekk heller ta tidevannsstraumen som han kom- det kan no ikkje vere so gale? Jau- det kan det. Maks fjære = maks straum. Og maks straum er tungt. Medan vi venta på betre tider nytta vi høvet til å leike oss litte granne. Padle litt oppover og på skrå inn i straumen til vatnet tek tak i baugen, og så lene seg medstraums på eit høgt støttetak. Juhuuu kor det svingar! Slik heldt vi det gåande ein times tid. Ikkje teikn til at straumen vart mindre. Klokka er fem og vi har ikkje meir enn tida og vegen før det vert mørkt. Vi gjer eit forsøk og kjem oss opp i Garsholhølen med eit nødskrik. Pinadø!

Garsholhølen er laga slik at på fjøre sjø renn det ut i både endar. Då skulle ein jo tru at det berre var å padle i unnabakke på motsatt side, men så enkelt var det ikkje. Nei, her er det berre å stige ut av kajakken og dra han fram. Her leikar vi ikkje ekspedisjon! Vi kjem fram til Kvitøya i skymninga og rekk å sette opp teltet før det vert mørkt. Mat og bålkos i skinnet frå fullmånen og så tidleg i seng.









Månen er framleis oppe når vi vaknar etter ei heller kald natt. Teltet er nedrima og bakken er frossen. Som sagt- vi leikar ikkje ekspedisjon, her er det på ordentleg! Men det er rett triveleg når sola om litt varmar i kropp og sjel, medan vi nyt frukost og bålkos.

Målet for dagen er å padle på vestsida av Dimna og nordover før vi rundar Vattøya og så heim att. Sjøen er speilblank og eg droppar reisesjuketablettane. Når vi er halvvegs mot Dimnaneset skjønar eg at det er ei tabbe. Dønningane veks og vi ser det bryt ute mot horisonten. Ved Hatløya skjønar eg at dette kan verte ei utfordring- ikkje fordi eg ikkje er i stand til å padle i slike dønninga på vel ein meter, men fordi eg veit eg brått kan verte sjøsjuk. Plan B vert gjort klar: vi går i land å Byholmane om eg ikkj klarer meir. Men det går fint. Eg klarer meg heilt greitt til vi har runda Vattøya, sjøl med litt flåteligging (pyton for oss sjøsjuke i bølger) og bytting av åre. Men eg er glad bølgepadlinga er over og vi kan lunsje litt.

Turen inn att er rein transportetappe. Litt kjedeleg og eg er litt sliten. Men kult å padle tett innpå Ulstein Verft og sjå båtdelane ligge på land. Etter 24 timer er husmorferien over for denne gang og planen er klar- det må no verte fleire slike husmorferiar framover!

Turen vart på 28,5 km totalt