GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

16. april 2023

Tur rundt Vattøya

Det er lenge sidan eg har padla rundt Vattøya no. Den ligg nokså langt frå land og ligg rimeleg eksponert til. Vinden tek godt her, og det er stort sett brukbart med dønningar som gjer det litt utfordrande enkelte stader. Dette er mao ein stad eg nødig padlar åleine. Bortsett frå på ein dag som denne - når det er strålande sol og blikkstille hav. Og det er ikkje ofte. Eg starta tidleg frå Osnessanden for å utnytte dagen.

Flatt hav!

Ute ved Håkonsholmen


Her har eg komme til Byholmane. Vattøya kan skimtas lengre bak.

Det er så stille det kan bli når eg startar, og eg har sjøen heilt for meg sjølv. Straka vegen ut til Vattøya vert kjeisamt, så eg sneiar innom Håkonsholmen og Byholmane på vegen. Litt meir drag i lufta er det ute ved Byholmane, men berre så vidt. Eg siktar meg inn på lampa eg kan sjå ute ved Vattøya og kjenner litt på at eg no er i ferd med å begi meg ut mot det opne havet. Åleine. Men ikkje bles det og det er knapt nok dønningar. Og eg treng jo ikkje gå på utsida av Vattøya om sjøen er større der ute.

Kryssinga ut mot Vattøya er unnagjort! Her ute ved Ytre Forløysinga. Artig navn.

Ut mot storhavet.

Det er stilt også ute ved Vattøya, så eg vel å padle rundt. Eg veit det er nokre brott å passe seg for her ute, men i dag er det ingen fare. På den nordvestlege delen er det natureservat med ferdselsforbode  i tida 01.05-31.07, men det er enno April. Eg både høyrer og ser mykje fuggel så  hekkinga er nok i emning. Etter ei lita ri rundar eg Vattøya på austida. No er det på tide å finne seg ein rasteplass litt unna folk. Her ute har det vore fastbuande med eigen skule og greier, men no er det berre hyttefolket att. Eg finn meg eit nest med god utsikt både nordover og sørover.

Utsikt mot Flø og Roppehornet. Godøya kan skimtast lengst bak.

Utsikt i retning Ulsteinvik

Etter ein halvtime i sola gjer eg meg klar for heimveg att. Straka vegen inn mot Ulsteinvik er like keisam denne vegen òg, så eg legg like godt ruta innom Byholmane og Håkonsholmen. Men først litt rekognosering langs land på sørsida.

Ytre Forløysinga sett frå aust. Det ligg faktisk ei hytte så vidt synleg th. i bilete.


Det er vår i lufta, men framleis godt med snø i fjella


Vel attende til Håkonsholmen traff eg kjentfolk i kajakk. Kjekt då å slå følge siste biten inn. Vi tok turen gjennom sundet for her er det alltid så flott.

Håkonsholmen sett frå yttersida


Lekkert! Ulsteinvik rett fram.


Den flotte sjøbuda på Håkonsholmen

Vel attende på Osnessanden att har resten av bygda vakna til liv. Eg pakkar saman vel fornøgd med turen. Det er som sagt ikkje ofte det er mogeleg (dvs. lurt) å padle åleine ut til Vattøya, men i dag var altså ein slik dag. 11,5 km t/rt vart det - ikkje allverden, men ein finfin start på dagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar