GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

27. august 2022

Første tur med NDK Pilgrim Expedition

Så var den endeleg her - den nye kajakken. Den kom til havneterminalen i natt med Hurtigruta, og eg henta ho ut i dag tidleg. Planen var å ta meg ein padletur der ute rett frå terminalen, men alarmen på klokka slo seg av (eller eg slo den av i ørska, veit ikkje), så når eg bråvakna kl 07.40 var det berre å hive på seg fillene og fare utover. Terminalen er berre open når Hurtigruta er innom, og å vent eit døgn til var uaktuelt. Eg passerte Herøy bru samstundes med Hurtigruta og var framme med litt margin.......

På jakt etter ny kajakk har det vore mykje telling på knappar. Beina mine er i lengste laget for ein Pilgrim Expedition med standard plassering av sete og ein relativt kort kockpit. Då klarer eg ikkje sette meg nedi med med rumpa først og så ta inn beina etterpå. Eg må sette meg på bakdekk og ake meg inn. På tørt land går det jo, på vatnet ikkje fullt så lett. Faren for velt ved eigenredning er nokså stor...Løysinga -> ein Pilgrim Expedition med lang cockpit, pluss flytting av skott eit knepp lenger fram mot baugen! Bestillinga vart sendt til Alfafritid i Tromsø, leveringstid av typ den kjem når den kjem. Alt vel så langt.

Heilt til Alf ringte og kunne fortelle at jaudå - kajakken var kommen til Tromsø, den såg fin ut, skottet var flytta, men cockpiten var standard lengde.....Altså litt for kort for meg sånn eigentleg. What to do? Litt justeringsmoglegheiter er det på setet, spørsmålet er om det er nok. Eg har vore ute i klubbnaustet og målt på Pilgrimmen der, ringt til Alf for gode råd og synsing i det uendelege, han har flytta på setet og målt på kajakken som ligg i Trømsø, eg har tenkt og tenkt, vurdert for og i mot og diskutert med både den eine og den andre. Ei heil veke. Og sikkert tøyd strikken til Alf rimeleig langt......Til slutt kom eg til at eg ville angre på det om eg ikkje gav den en sjanse.

Og no er den altså her.

Fin? Eg synes i alle fall det!!

Ingen skader på kajakken, fargen var akkurat så fin som eg håpte på, og eg fekk beina nedi kajakken utan særskild strev etter at Alf hadde flytta setet eit hakk lenger brak. Nice! Berre å kvittere ut kajakken, heim og ete frukost og så ut på jomfruturen. Sjølv om det regnar...

Eg la opp til standardruta mi rundt Hatløya.

Grått og vått ved Osnessanden

Mot Håkonsholmen.

På vestsida av Hatløya. Torvika rett forut. Der henta eg kajakken for to timar sidan.

Ikkje det beste været, men i dag gjorde det ingen ting

Det er som å komme heim att. Eg sit som støypt! På vestsida av Hatløya er det grunt. Dønningane veks her og det blir litt skvalpesjø. Men Pilgrimmen går mjukt og fint og eg merkar det knapt. Eg treng heller ikkje bruke senkekjøl, og den verkar å være mykje mindre straumpåverka enn Playen. Forutsigbar, stabil og truleg kjedeleg for nokre, men eg med mi sjøsjuke diggar det. Kanskje litt tyngre å få opp i fart enn Playen, men det får våge seg - marsjfarta verka å være grei.

Borgarøya

Tilbake til Osnessanden att.

Eg er nøgd, absolutt. No har eg ikkje prøvd den på surf, men det er nok ikkje det eg kjem til å halde mest på med uansett. Korleis eg pakkar den for tur gjensår å sjå. Men eg trur det vert bra!


Ps! NDK produserer ikkje Pilgrim Expedition med lang cockpit lengre, dei er berre ikkje så gode til å seie i frå…….Like greit for då hadde eg kanskje gitt meg på det!

14. august 2022

Padle til fest tur

 Det har vore mykje regnvér i sommar og lite tur, og ferien nærmar seg slutten. Yr melder moglegheit for gløtt av sol og opplett, og Unni melder om naustfest. Eg vil begge deler. Utfordringa er tida. Eg rekk ikkje å padle først og så heim før fest, og dagen derpå er det ingen garantiar for at eg orkar å padle. What to do? Svaret er enkelt - eg padlar til fest.


No er det ikkje eigentleg lange biten å padle så eg tek ein runde via Håkonsholmen, Byholmane og så innover til Ulstein att. Ein finfin tur som tok om lag ein time.

Nydeleg start frå Osnessanden

Mot Håkonsholmen

Kruse Knallkul. Veldig kul båt i litt for stor fart gjennom sundet.

Byholmane. Tre holmar som ser ut som ein frå denne vinkelen.

Eg rundar mellom dei to ytterste før eg snur nasen innover att.

Innover mot Ulstein.

Framme!!

30. juli 2022

Padling i Kjeldsund med gamlekajakken og ny padlekompis

 Før sommaren starta solgte eg Playen. Litt blanda kjensler - ein veit kva ein har, men ikkje kva ein får. For eg må jo ha ny kajakk. Men livet er fullt av positive overraskingar. Mona dukka opp som kjøpar lokalt her eg bur - i gangavstand faktisk - og er attpå til innflyttar eit hønseskræv frå der eg sjølv kjem frå! Og før kajakken forlot tunet hadde eg altså fått meg ny padlekompis!

Ein fin ferskingtur er å padle i Kjeldsund. Her er skjerma, korte avstander og ganske så idyllisk.

Spent på aller første turen!

Lekkert!


Grunnesundet. 

Fint vær og greie temperaturar til tross - vi valgte tørrdrakt. Eigentleg litt for varmt å padle i, men planen var å prøve på ein velt og berge seg ut av kajakk (wet exit) etter pause på land, og då kjem tørrdrakta godt med. På Barkarholmen tok vi oss ei pause i solskinnet. Delig med litt sommarkjensle. Kantareller fann vi og! Etterpå vart det litt øving på å gå rundt med kajakken. Nye neoprenespruttrekk er ofte vriene å få på - då er det ei ekstra forsikring å øve seg på å få det av under vatn. Det gjekk faktisk heilt fint!

Rasteplass på Bakarholmen

Wet exit. Det gjekk bra sjølv om tvilen var der.

Lenge sidan eg sjølv var ny i kajakk. Litt stas å få være turleiar. Lenge sidan det og...

Siste biten på heimveg.

Kjekk tur i kjekt selskap. Litt fleirer småturar og litt meir øving på både eigen- og sjølvberging, så kan ein utvide horisonten betrakteleg på turfronten. Eg tenkjer eg har gjort ein god handel her!! Så får vi berre håpe på at hausten byr på betre vær enn årets sommar.

23. juli 2022

Godøysund, Tysnes

Godøysund på Tysnes er ei lita padleperle, og i ferien tok eg meg ein tur her. Det er alt for lenge sidan sist. Det fine med Godøysund er at du kan padle lenge i skjerma farvatn. Snirkle inn i mellom utallige holmar og skjer. Eller stikke nasen utforbi og kjenne litt på Bjørnafjorden om du vil det.
 

Eg starta i båthamna i Våge.

Fint lys utover!!

Lykta på Prestaskjæret

Gunnarsvikjo. Fin badeplass!


I godøysund ligg den eine av tre gravplassar på Tysnes som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. For å unngå ein epedemi var desse gravplassane lagt så langt vekk frå folk og som råd. Den ligg aldeles nydeleg til og er vel verdt ein kikk frå kajakk! Meir om kolerakyrkjegarden på Dukaneset kan du lese her.

Kolerakyrkjegarden på innsida av Dukaneset.

Ein liten runde på innsida av Tyttebærholmen tv.

Ut i Godøysundet att

Det er mogeleg å padle i jungel i Noreg og. Småsundet.

Gløtt fra Småsundet og ut mot Bjørnafjorden.

I retning Solstråleøya (gøymt bak holmen til venstre).

Pettersholmen (tv) og Skatetangen (th). Mon tru om det er fint å dykker her....hm.

Lekkert!

Jonaholmen th. Her var det fint å padle rundt.

Eg stakk nasen utforbi Jonaholmen før eg vende kursen heimover, men gløymde aldeles å ta bilete. Innover att fekk meg ein hyggeleg prat med nokre kajakkpadlarar som hadde slått leir på Solstråleøya.

På heimveg legg eg alltid turen via Godøysund Fjordhotell, som no står til nedfalls. For meg er det ufatteleg at det ikkje er drift her - kort avstand til Bergen med båt, idyllisk på alle kantar, skjerma hamn.....Det har vore lagt fram utallege planar, men kva for av dei som vert realisert gjestår å sjå. Diverre er leiligheitsbygg nokre av planane som har vore lansert, noko som betyr at holmen hotellet ligg på i dag, fort vekk kan verte nedbygd, slik fjellehimen forøvrig har blitt enkelte stader. Men som alltid - money talks...

Godøysund Fjordhotell.

Solnedgong i Bjørnafjorden.

Inn mot Våge att.



Turen vart på ca 14,5 km 

28. juni 2022

Snartur til Senja

I pinsa var eg så heldig å få meg ein tur til Å på Senja. I strålande sommarvær gjekk turen frå Tromsø og vidare til Å. 3,5 timar på "vestlandsvegar" i variert og flott natur. Innlosjering i lånt utstyr mellom bjørkeleggane attmed grendahuset. Vi gjer som heime og legg oss i le for vind og regn som er meldt (noko vi vestlendingar rimeleg gode på...) Og yr held det dei lovar - regnet kjem i det siste teltpluggen er nagla til bakken.

Framleis sol og sommar ved grendahuset.

Første kveld vert brukt til sosialisering. Kjekt å helse både på kjente og ukjente. Mogelege turmål for dagen etterpå vart presentert. Det er meldt rett mykje vind, så vi går i fellesskap inn for å padle innaskjærs - til Tranøya. Her bør ein kunne padle nokon lunde i le for vinden som er meldt. Planen er å gå ut frå Tranøybotn og padle det korte stykket bort til Tranøya, være litt turist og kike litt på Tranøy kyrkje, og så padle attende.

Framleis optimistar og klare for tur.

Medan vi pakkar kajakkar aukar vinden på, og den ser ikkje ut til å ville gje seg heller.

Det er ruskut å leggja utpå...Tranøy et hønseskræv unna.

Han bles godt. Eg får ålt meg ned i Pilgrimmen (Expedition åffkårse..) eg har fått låne, og alle mann alle kjem seg etterkvart ut på vatnet. Vi kjenner litt på været alle i hop. Dette er kan hende ikkje dagen for å ha ei stor gruppe på vatnet med begrensa moglegheiter til kommunikasjon pga. vind, og ulikt nivå på gruppa likevel. Tur til Tranøya vert i staden omgjort til teknikktrening i bølger og vind attmed land for den som vil. Og tur til fots for dei som foretrekk det.

Grei skuring - det er under slike tilhøve eg uansett treng å få teste ut ein potensiell ny kajakk. Og teste fekk eg. Ikkje at Playen er så breid, men Pilgrim Expedition er hakket smalare. Men at den skulle opplevast som såååå ustabil i sidebølger kom overraskande på meg. Heilt til eg innsåg at halve cockpit var full i vatn....Puh! Etter å ha fått tømt kajakken for vatn vart det ei heilt anna sak. Usedvanleg god kontakt med skroget gjorde at eg sat trygt og godt  - både med vind og sjø frå  sida, bakfra, forfra etc etc....Den gjekk greit å snu, sjølv i dei sterkaste kasta (15 m/s +?), verka rel. retningsstabil uansett kor vinden kom i frå - i det heile var eg godt fornøgd. Eg bomma rett nok på ei rulle, men eg har faktisk trua på at eg skulle fått det til det ute i kavet med litt trening. Kammeratredning gjekk greitt sjølv med nok for liten cockpit. Så om ein ser bort frå at padleform- og teknikk ikkje er på topp for tida, trur eg at eg greide meg bra.

Bilde lyg alltid. Men det var både vind og bølger. Eg tv i Pilgrimmen. Foto: Mariann

Ser fornøgd ut og er fornøgd. Foto: Mariann

Sveitt og forkava gir vi oss etter ein time (eller to? - hugsa ikkje) på sjøen. Eg har fått testa kajakk så grundig som det let seg gjere på så kort tid og har bestemt meg - denne må eg ha. Litt skreddersaum må rett nok til - eg er for lang i beina til std cocpit, og framskottet må flyttast litt på. Men ellers trur eg ikkje eg har hatt så god kontakt med skrog på nokon kajakk som det eg fekk i denne. Kan hende finst det raskare kajakkar å få, eller kajakkar som fangar betre surf (var ikkje spesielt surfevillig denne dagen i alle fall), men til turar, både korte og litt lengre, med dei behova eg har - trur eg den er så nære blink det går å få. For meg. Ingen kajakk passar alle, og ingen kajakk duger til alt. Slik er det berre. Men det ER ein kajakk for små personar, så eg kan ikkje legge ubegrensa mykje på meg....Men det er kanskje ingen ulempe når det kjem til stykket.

Godt med ein dukkert etter all kavinga i vind og bølger - sjølv om det var kaldt...

Passe mødd etter ein innhaldsrik dag og kveld er det godt å krype til køys i teltet. Sjølv om det regnar og bles.

Kjekt å sove i telt att. Her med lånt bustad.

Neste dag er vinden framleis like stri. Det er ikkje noko vits i å planlegge tur på sjøen. Her er nok å finne på likevel. Anten ein vil utforske sjølve Å eller dra litt lenger unna. Mariann, Wenche, Ragni og eg valgte oss ein tur i Ånderdalen Nasjonalpark. Og til dei som lurer på om den er verdt eit besøk - det er den! 



Her er det flott tilrettelagt både med universelt utforma turvegar, stiar som er nennsomt lagt i ulendt terreng, arkitektteikna gapahuk med flott utsikt vidare innover fjellheimen og med utedass i same stil. Det er så lekkert og forseggjort at eg vert over meg av begeistring!! Eg er ein liten augneblink på "jobb" og studerer så auget vert vått og stort.

Fleire frå gruppa hadde og teke turen hit i dag. Kjekt med tid til å bli litt betre kjend med folk medan vi ruslar innover.

Gapahuken er akkurat passe stor for to å overnatte i. Tenk for ein luksus å vakne til denne utsikta!!

Fin og blid gjeng!!

Lekrere dass uti skauen skal du leite lenge etter. Rangi er fornøgd.

Nesten som på Nittedals Hjelpestikker. Uberørt og vakkert.

Etter turen i Ånderdalen var det lunsj på kafeen hos Hege på Norwegian Wild. (kan anbefalast - eg koste meg sopass mykje at eg gløymde å ta bilete...) før dagen vart avslutta på Gammelbutikken i Skrolsvik vest for Å. Her har tida har stått stille i omlag 150 år (fersk kaffi og vaffler då..). Ein artig butikk for oss som likar skeive hus og raritetar frå gamle dagar.

Gammelbutikken i Skrolsvik

Pinsa nærmar seg slutten og tida har gått forrykande fort. Det har vore mykje vær og lite padling, men det gjorde i grunn ikkje så mykje.  Eg får heller ha det til gode. Kjekke folk, flott stad og fantastisk vertskap - det held i massevis.

Takk for meg - og på gjensyn!! Senja viser seg frå si beste side. Til slutt.