Det er lenge sidan eg har vore ute og fridykka no - faktisk over eit år. Ikkje veit eg kor det er kjekt å dykke, og det tryggaste er jo å dykke i lag med nokon andre. Eg fulgt fridykkeklubben ute i Herøy litt frå sidelinja siste året i håp om å få meg nokre turar i lag med andre. Og ettersom mannfolka er i fleirtal og eg har begrensa erfaring, sit det litt inne å invitere meg sjølv med. Dessutan vert eg lett sjøsjuk også under vatn - noko som begrenser kor eg kan dykke - og det er litt kjipt å kjenne seg som festbrems allereide i frå start.
28. november 2022
Dykking i Eiksund
30. oktober 2022
Eika rundt
15. oktober 2022
Kjeldsund

11. oktober 2022
Tidleg på`an til Gullura
Det er mykje og vått vær for tida, og dei få solstrålene som har vore må ein nytte så godt ein kan. Så når sola skal skine nokre timar tidlehg ein laurdag morgon er det berre å hute seg ut! Og Mona Iren er med!
Vi går for ein kort, men fin tur frå klubbnaustet og til Gullura. Ikkje veit eg kva namnet kjem frå, for det er korkje gull eller ur der, men det kling i allefall godt! Uansett er det ein fin tur dit i skjerma farvatn og godt eigna for den som ikkje har so lang fartstid i kajakk enno.
Det er stilt og fint på sjøen i dag. Idet vi passerer første brua er det bra mykje straum, men Mona klarer seg godt! Når vi er forbi straumen er det tid for litt teknikk. Korleis få kajakken til å gå rett fram til dømes. Eller svinge der ein vil. Det er faktisk ikkje så enkelt når ein er blodfersk (men lett å gløyme når ein har knekt koden og padla nokre år). Men vi tek det med ro. Åra har mykje å seie for kor lett (eller tung) padlinga kjennes, så det vart ei aldri så lita aha-oppleving når vi bytta åre ei stund. Tung plaståre er ikkje det enklaste....
6. september 2022
På tur i Bremanger/Nordfjord
Jobbtur til Knutholmen i Kalvåg og Måløy er slett ikkje værst. Og når turen i tillegg kjem på slutten av veka ser eg sjølvsagt moglegheit for ein tur i området når eg likevel er der. Det er meldt SOL (!!), vindstille og så flatt hav som det er mogeleg å få på desse kantar. Dessutan har eg ikkje vore i Vetvika enno...Potensielle turmål vert lagt fram for Lene, og dermed er planen for helga klar!
Vi møtes ved den gamle handelsstaden på Vågsberget ut forbi Måløy. Planen er å telte ute på Husevågøy først og så padle vidare til Vetvika neste dag.