GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

3. juli 2013

Kveldsøkt på Giske

Rulla mi har svikta i det siste og no kjende Lene at det same var i ferd med å skje med ho og. På tide å ta ei rulleøkt mao! Ingen var gira på å kjøyre langt og valget falt på Giske som ein høveleg treningsstad. Det er fredagskveld og gode meldingar på yr.no og juhuuu- no skal det rullast!

Azurblått hav og kvite strender- hadde det berre ikkje vore for vinden og regnet....Nuvel-let the good times roll! Or not..... Ein gong til......og bom igjen. Lene har heller ikkje rulla heilt på plass. Det går tregt. Mykje kraft og ei tendens til at åra skjer seg ned. Eg er observatør og forsøker å formidle det eg ser. Litt justering og vips så er ho oppe att! Steike det er kjekt å få ting på plass att!

Min tur. Fram med grønlandsåra til Lene- den er ikkje like følsam for om bladet vinklast feil. Jepp-funka det, men berre sånn akkurat. Diskusjon. Hoftevrikken må tidligare inn og sveipen må haldast lengre. Betre. Ny diskusjon. Haudet må sist opp av vatnet. Full konsentrasjon. Hoftevrikk, sveip og haudet sist opp- alt skal setjast saman til ei samanhengande, mjuk røyrsle. Jauda- kor leikande lett går det ikkje når alt klaffar! Med sjøltilliten på oppadgåande er det på tide å prøve med euroåra att. Det går så det griner. Opp til fleire gonger. Juhuuuu!

Sjølsagt har eg billedbevis denne gongen. Kjekt å ha i fall sjøltilliten skulle få seg ein ny knekk i løpet av sommaren og den treng litt kunstig andedrett...


Foto: Lene



Foto: Lene




1 kommentar:

  1. Sjå dei flenke tausne:))) så kjekkt!! Herlige bilder absolutt:))

    SvarSlett