GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

16. oktober 2012

Kort padletur i Norddal


Klarvær og blå himmel no om hausten er i grunn fantastiske greier. Det er berre det at då vert det kaldt. Frost i bakken, låg sol, høge fjell og kun nokre lusne plussgrader freista ikkje nett til rulletrening. Åleine. Men har eg først insistert på at "jo-kajakken MÅ med på haustferie" - jau då har eg liksom lagt egget. 
Yr melder vindstille. Etter ein gløtt ut glaset konkluderer eg med at det er det ikkje. Sola gjer at det kjem fallvindar nedover fjellsidene og UTOVER fjorden i periodar. Skeptisk - vil ikkje drive midtfjords. Ut å rekognosere. Finn ei skjerma vik, og bestemmer meg for å la det stå til. Padlar først ein liten runde, riggar meg deretter til med kamera og stativ på land, for å dokumentere hendinga, dreg pusten djupt og veltar meg uti. Overraskande lite kaldt vatn, men eg kjem meg ikkje opp for det. Opp i båten att med cowboyredning, og så ein gong til. Eg kom meg opp att fordi eg botna åra. Endå eitt forsøk. Om ikkje anna kjem eg meg godt ut av vatnet i det eg helle vil gå over til å betegne som forsøk på rulle. Og eg får drilla på eigenredning opp til fleire gonger. Noko som i seg sjølv er nokså energikrevjande etter kvart, og avslører kva eg må jobbe med. Trøysta er at frykta for kaldvatn vert mindre for kvar gong eg er uti.
Eg gir meg og skal sjekke opptaket. Typisk- eg har ikkje greid å trykke på rett knapp. Jaja. Ein liten runde utpå fjorden igjen avslutningsvis for å riste av meg nederlaget. Tungt det og. Sliten etter rullinga kanskje? Merker meg stadig meir bølger utan at det hverken bles eller har fóre båtar forbi. Og så skjønar eg det - straum- det er straumen som lagar bølgene og det er den som gjer det tungt å padle! Eg får skikkeleg medsjøpadling innover att. Ikkje store bølger-tvert i mot, men eg kjenner at det går fort! Eg set det og på erfaringskontoen - lokale vind og straumforhald altså, eventuelt skuldas det at det flør. Herved notert og tidevannstabellen skal sjekkast.
Glir attmed land i det haustsola er i ferd med å takke for seg og dei gule liene speglar seg  sjøen. Lurer litt på kva fanden eg gjer feil med rulla og kva vi skal ha til middag før eg ringer heim og tingar på henting. Eg bestemmer meg for ikkje å være sur. Det er trass alt fint vær, og eg har fått nyte det i fred og ro. Det er då  noko, ikkje sant?







6 kommentarer:

  1. Veldig fint i Norddal. Har aldri tenkt over korleis det ser ut frå sjøsida. Tøft med bading i kald fjord!

    SvarSlett
  2. Ja Norddal er fint, men unnasolt no på hausten. Og det var ikkje kaldare i fjorden no enn då vi holdt på ute på Vigra i Juni. Du får bli med innover ein gong, så tek vi først ein topptur og så spa inne på Union Geiranger :)

    SvarSlett
  3. Flotte bilete! Viktig å trene redningar i kald vatn også! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja d er mykje tyngre m mykje klede og ikkje fult så varmt vatn! Men d irriterar meg noko så grenselaust at eg ikkje får t rulla m vest og spetakkel :(

      Slett
  4. og har du lyst på ein fjelltopp i eidsdalen - kan eg peike på magen av dei ;)

    flotte bilder og koselig blogg

    smil - monika

    SvarSlett
  5. Takk for hyggelig kommentar Monika. Kunne tenke meg å gå på Skårene en gang - de ser så flotte ut. Og Torvløysa sjølsagt, men da må kondisen opp

    SvarSlett