GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

21. oktober 2012

Rull og strandliv ved Osnessanden

Så var det dags for rulletrening på Osnessanden med Mildrid igjen. Med kvar vår unge denne gongen óg - ein suksess kan ikkje gjentas for ofte.

Merkbart kaldare vatn enn for to veker sidan. "Eg kviar meg pinadø for kvar ei rulle", meldte Mildrid. Men ikkje verre enn at ho testa ut fleire av rullene sine utallige gongar. Eg derimot fekk vondt i pannebrasken etter berre to, då måtte eg ha ein liten pause frå kaldvatnet.

Kaldtvatn til trass - det er framgang å spore. Eg fekk til ei rimelig bra rulle - utan hverken å måtte kompensere med eine arma eller bruke noko særleg krefter! Oppe på ein blunk liksom. Og så var det sjølvsagt nokre skikkeleg dårlege ruller og ein drøss med fiaskoar - mein dei vart nytta til å øve på eigenredning.

Rulling, kakao, niste, finver og sandslott - ein treng ikkje dra så langt frå land for å få ein fin padletur!

Og Mildrid sine fantastiske ruller kan du sjå her



1 kommentar: