I helga fekk vi oss ein fin tur opp i Lundeura på Runde.Vi starta ganske seint frå parkeringa på Goksøyr. Turen startar med nokså bratte bakkar, men det er lov å stoppe for å nyte utsikta litt.
30. mai 2021
Kveldstur til Lundeura
2. mai 2021
Rekognoseringstur
20. april 2021
Solskinnspadling i Ellingsøyfjorden
Så er våren endelig komme til Sunnmøre òg. Det er sol og folket er klare for å padle. Men folket er i denne samanheng ein broket forsamling med diverse skavankar, så krevjande eller lang tur utgår. Sjøl stiller eg med forstuva ankel og to golfalboger, og det er mogeleg det ikkje er nokon god idè med padling sånn eigentleg. Men sol, og sjø freistar meir enn å ta til vèt.
Vi legg ut frå Kvalstein på Ellingsøya og siktar oss inn mot Langøya. Om ein ser bort frå lyden frå biltrafikk og industri som kjem mot oss frå begge sider av fjorden, er det rett idyllisk her ute. Vi snirklar oss langs nordsida først, rundar før vi finn ein fin rasteplass. Godt med ein beinstrekk og kokekaffi. Vi tek oss godt med tid i solvarmen, før vi snur nasen heimover.
Fin tur i godt selskap var det i alle fall :)
11. april 2021
Selvågane/Eiksund
23. januar 2021
Geitenibba (854 moh)
Sol og fint vær. Gnistrande minusgrader OG pudder. Klart ein må nytte høvet. Og så får ein sjå seg ut eit turmål som er i samsvar med evnene. For dei er ikkje det dei ein gong var. Knea er skranglete og forma elendig. Men ein treng ikkje alltid gå så kvasst eller så longt her på Sunnmøre for å få magiske turopplevingar. Kjekt då med Lene som har eit fint reportoar av ulike turer med ulik vanskeligheitsgrad å plukke frå.
Medan ein heil skokk utstyrt med randonee ski set kursen opp mot Høgsvora, rettar vi blikket mot Geitenibba. Med fjellski. Det treng ikkje alltid være så komplisert. Om kondisen er elendig og lårmuskulaturen er fråværande kjem eg fort inn i min gamle tralt på fjellskia. Kroppen har liksom sitt eige tempo uansett, og eg slit litt med å halde følge med meg sjølv!
Jamt tempo, korte pustepausar og vi kjem oss opp den første, lange stigninga. Lunsj i sola og vurdering av forma. Vi fortsett litt til - om ikkje anna så fram til foten av sjølve Geitenibba. Og den ser jo ikkje så lang ut så joda - vi satsar på toppen!! Dei siste høgdemetrane går tregt. 10 steg og så pause. Nye 10 steg og ny pause. Utsikta får vente. Skituppane er meir interessante akkurat no. Men enedelig - så er vi oppe! Og for ei utsikt! Tinderekke på tinderekke så langt auge kan sjå. Hav, fjord og fjell! Og det aller beste - vi har alt for oss sjølve!
Ned att er ikkje like morosamt. Eg er gåen i beina og har fått krampe i låra i tillegg. Føret er vel heller ikkje optimalt tatt i betraktning ferdigheitsnivået, men ned att må vi. Og helst for eigen maskin. Siste biten ned som eg har gledd meg til vert for meg den mest krevjande. Djup pudder og lite samarbeidsvillige bein er ikkje heilt optimalt. Men eg slepp faktisk å spenne av meg skia som eg frykta. Og ned att kom vi!
5 fantastiske timar ute i gneistrande vintervær. Slikt gjer godt både for kropp og sjel. Konklusjonen er at fjellski må vi gjere meir av, og at rando-folket som kom etter oss ikkje brukte noko særleg koratre tid ned att enn det vi gjorde! Tusen takk for flott tur Lene!!
























































