GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

12. desember 2020

Aleinenatt i naturen

Årest siste tur gjekk utover stranda frå Alnes. Her har eg sett meg ut ein ny teltplass eg har hatt planar om teste ut ei god stund. Eg har tenkt på kor fint det ville være å ligge her ute åleine og sjå opp på stjernehimmelen. Sitte ved bålet og kose meg glugg ihjel. Men som i livet ellers vert det sjelden slik ein drøymer om.

Eg må vedgå at motet var i ferd med å svikte når kvelden og mørkret kom og tida for avreise nærma seg. Kaldt og hustrig var det der eg parkerte bilen, og brått kjende eg meg mutters åleine. Men dette berre måtte eg gjere. For min eigen del. Og når eg først var komme godt i gang gjekk det i grunn fint. Lykta viser veg og eg har stort sett kontroll på kor eg er til ei kvar tid - utan GPSèn på telefonen, for her er det ikkje dekning. Litt tungt er det, men frosten gjer det trass alt lettare å gå, sjølv om eg må passe på kor eg set føtene for ikkje skli på isen. Og etter ein liten times gange er det på tide å leite opp teltplassen. Og jaudå - eg finn den etter bittelitt fomling.

Men så vart det i grunn slutt på morroa. Vinden er sur, det vert kaldt og bålet gir ikkje den varmen eg treng. Det er rett nok stjerneklart, men eg frys og klarer ikkje heilt å nyte det. Så sit eg der då, åleine og frys medan eg tenkjer attende på året som har gått. På all erfaringa eg gjerne skulle vore forutan, men som likevel har gjort meg sterkare trass alt. Eg sit slik ei tid og synes synd på meg sjølv til det vert så kaldt at det ikkje er råd å sitte ute lenger. Det skal bli godt å krype ned i ein varm pose...

Lettvektsteltet som eg tok for å spare vekt, bles det sjølvsagt tvers gjennom. Eg får ikkje varmen i meg samme kva, og frys meg gjennom det meste av natta. Og som om ikkje det er nok viser det seg at kokeapparatet er kaputt når eg skal til å lage meg frukost og. Ikkje har eg sjokolade på lur heller, dessutan la meg svolten. Og vinden er framleis sur og kald.....Eg skyller ned ein neve tørre havregryn med ein klunk iskaldt vatn, tek nokre bilete, pakkar sakene mine og tuslar meg attende til bilen. Litt slukøra, men ein turerfaring rikare........








 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar