GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

30. mai 2021

Kveldstur til Lundeura

 I helga fekk vi oss ein fin tur opp i Lundeura på Runde.Vi starta ganske seint frå parkeringa på Goksøyr. Turen startar med nokså bratte bakkar, men det er lov å stoppe for å nyte utsikta litt.



Utsikt mot dei ytterste gardane på Goksøyr


Her ser vi både sukkertoppen, Ålesund og Fjellstua. Grasøyane fyr midt i bilete.



Nydeleg kveldslys opp bakkane - både vegar.


Nesten framme. Pustepause og fantastisk utsikt.


Vel oppe i Lundeura var det neste meir folk enn fugl hadde eg nesten sagt. Litt kamp om dei beste plassnane vert det alltids. Folk er stort sett kjekke og greie og det er ein viss rotasjon på kor ein sit, så med litt tolmod kjem ein stadig nærare fuglane. 
 
Dei flokkar seg dei utan venger og....


Alltid kjekt med det første fuglen ein får sjå ordentleg. Lett å ta bilete er det derimot ikkje.....

Nokre kjem sjøvegen for å sjå. Ein kjem ikkje så nære fuglane då, men opplevelsen av hundrevis av figlar som krinsar over hovudet ditt er overveldande! Og i kajakk er dette ekstra magisk!



Litt dokumentasjon må til.


Magisk kveldslys mot Rundebranden

Vi har vore her før så vi gav oss etter ein halvtimes tid. Kald vind og litt småsurt på veg ned att, men sjølv om det vart seint kom vi ned før havtåka la seg som eit teppe over øya. Runde er alltid magisk - uansett vèr og årstid, frå land eller frå sjøen.

Heim att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar