GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

5. juni 2021

Tur til Gullura med HKK (Herøy Kajakk Klubb)

Det byrjar å bli nokre år og vondtar sidan eg var aktiv i den lokale padleklubben. Eg treng fleire å padle med, og padleklubb er ein fin stad å starte leitinga. Kanskje kan eg etter kvart bidra litt og, med ein og anna tur. Vi får sjå. Uansett - i dag egla eg meg inn på dagens turleiar for litt praktisk info og innføring i rutiner. Litt meir styr no enn då eg var aktiv i klubben må eg vedgå, men truleg til det betre.

Dagens mål var Gullura via Stokksundet. Eg har padla det meste av området eg bur i, men ikkje akkurat her. Ingen veldig lang tur, men akkurat passe når ein har med born.

Nydeleg vêr, nesten heilt vindstille og sommartemperatur. Men tørrdrakta må på også i dag. Fordelen med det er at terskelen for litt leik og morro vert låg(are). Kanskje.

Stokksundet er ei nydeleg lita perle, Gullura like så. Kaffi og prat. Kjekt å bli kent med nye fjes. Men heim att må ein. Heimvegen fekk juniorane bestemme. Same veg attende! Nydeleg kveldslys og speilblank sjø. Bilprat med ein liten ørsting. Kjekt å sjå padleglede hos den yngre generasjonen.

Avslutningsvis litt leik og morro. Eg drøyere det lenge - vil ikkje, det er kaldt, e er ute av trening.....Men til slutt må eg. Kom eg meg rundt? Nope. Men nesten. Fekk eg til eigenredning. Nope. Men nesten. Eg må vedgå at innsatsen ikkje var heilhjarta her...

Uansett - fin tur i lag med triveleg gjeng. Så får vi sjå om eg tek på meg ein tur eller tur sjølv og etterkvart.









1 kommentar: