GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

9. juni 2021

Giske rundt i en Nordkapp LV

Når langtidsvarselet seier regnvær er det berre å komme seg ut å nytte høver når ein kan. Kanskje er dette sommaren for i år. Og Kristin vil bli med! Eg er heldig og får høve til å låne Nordkapp LVen ho har - ein kajakk eg er litt nysgjerrig på.

Det er varm i lufta og vi går for T-skjortepadling. Azurblått hav, stille på sjøen, nydeleg kveld. Giske rundt er den absolutt finaste nærturen eg veit om.

Kristin er klar. Nordkapp LV tv, Nordkapp standard th

Nydeleg!

Litt uvant å padle Nordkappen kjenner eg. Litt treig å få i siget og heilt klart meir kilen enn Playén. Men det går seg til etterkvart. Ideelt sett skulle eg nok hatt ein Nordkapp xLV for den kjennes hakket for stor for meg faktisk. Men den går utruleg mjukt i bølgene og er lett å svinge. I alle fall når det er vindstille. Det kan nok hende den er litt meir stri når det bles, iom at den har bra med spring og dermed er meir vindutsatt enn det Playen er. Men altså - eit knepp mindre og eg trur eg hadde blitt forelska!



Vi har bestemt oss for å nyte kvelden, så vi legg inn ein kaffirast undervegs. Sjølvsagt med utsikt til kveldssola. Kristin toppar det heile med å by på brownies og vi nikosar oss der vi sit!

Berre å nyte finevèret mens det er her!(Foto th:Kristin)

Alt har ein ende. Heim att må vi. Breytande bølger eller ikkje. Det enda nesten i velt - Nordkappen krev heilt klart at ein er litt meir "på" enn Playen.....I alle fall når ein ikkje har begge beina oppi...

Jaudå - vi vart no ganske gode vener mot slutten.
(Foto: Kristin)


Ikkje noko sel som heldt oss med sel(!)skap denne gongen heller, men nydeleg tur og god prat vart det! No kan regnet berre komme (dessutan treng plenen vatn.....). Takk for lånet og takk for turen , Kristin!



2 kommentarer:

  1. Men i alle dager, for stor til deg? Er ikke jeg mindre enn deg?

    SvarSlett
    Svar
    1. Jo, d er du. Men jeg er muligens kortere i ryggen enn deg…..Følte jeg dunket tommelen i dekket stadig vekk. Og litt høy bak til at jeg klarer å legge meg nedpå

      Slett