GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

1. juli 2021

Tur til Toftestøda

 På torsdag var eg med klubben på tur til Toftestøda. Kor mykje eg enn har padla på Sunnmøre, finst det framleis stader eg ikkje har vore. Til dømes har eg aldri snirkla langsmed land på sørsida av Leinøya/Bergsøya før. Eg har tenkt at her er det ikkje noko så sjå på og berre industri. So feil kan ein ta! Masse fine viker, eit par potensielle teltplassar og i alle fall monge fine rasteplassar. Og stupetårn i Toftestøda for den som likar å hoppe frå store høgder (det gjer ikkje eg!!!). Veldig kjekke tur i strålande vær, med ein kjekke gjeng!!

Nydelig vær! Her kryssar vi leia. Herøybrua i bakgrunnen.


Snirklepadling i sol. Heilt greitt.



Artig med "befaring" frå kajakk. Her er bygg under oppføring på Mjølstadneset - teikna av ein kollega!



Hege har det visst med å insistere på å hoppe frå store høgder. Eg trur eg held meg på havnivå.


Som måsen på skjæret. Pause.


Flåvær. Nesten mogeleg å ta borti. Neste gong vert turen ut hit lagt langsmed land, for kryssinga straken vegen over frå Herøya er drepande kjedeleg.....


Mildrid berre måtte!! Jaudå - den glitrar ganske så gjevt i sola, Avoceten!





Snart på Jensholmen att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar