GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

10. juli 2021

Runde Rundt

Rett før ferien fekk 2xLene og eg oss ein finfin tur rundt Runde. Det er ikkje ofte dette er mogeleg med kajakk. Det er få plassar å gå i land, stupbratte fjellsider som reflekterer sjø, og grunner og brott på store deler av strekniga. Det ligg mykje vrak i farvannet her for å seie det slik, så det er all grunn til å ha stor respekt for kor ein er, og eit relativt romslig tidsvindauge der både vind- og bølgemeldingane må være snille. Litt toler vi, men marginane må være på vår side.

Det er uråd i både tekst og bilete å yte turen rettferd. Det er så mektig, så mykje lyd, lukt, leven og spektakulære fjellformasjonar - og alt medan ein driv rundt som ein kork på vatnet. Ein føler seg ganske liten når sant skal seiast. Det er det ikkje ofte ein i kvardagens travelheit, med alt av komfort - får lov til å kjenne på. Kor sårbare vi faktisk er når det kjem til stykket.

Det er fleire år sidan eg har tatt denne turen no så eg gler meg stort. Vi legg avgarde litt ut forbi Rundebrua. Roleg start vestover i klassisk sunnmørsk sjølandskap.

Rett rundt det første neset endrar landskapet seg. Det er nesten brutalt, bølgene bryt mot bratte fjellsider og lyden slår tilbake mot oss.


Det er på vestsida det er mest å sjå på og kjekkast å padle. Her er det råd å padle bakom og i mellom på stille dagar. Det er eit mektig landskap å padle i! Og høgt der oppe kunne vi skimte nokre turistar.








Vi nærmar oss Lundeura og fuglelivet tek seg opp. Lundefuglen lagar ikkje så mykje lyd faktisk. Det er stort sett lyden frå små venger vi høyrer. Det er fuglar over alt, i lufta og på vatnet. Og det er faktisk greitt med hjelm, sjølv om vi ikkje vart angrepne. Vi såg mykje ørn og, men dei fekk eg ikkje til å ta bilete av. Vi såg sikkert mykje anna eg ikkje veit kva er og.....


Ved Rundebranden er det havsulene som rår. Dei lagar vesentleg meir støy! Dei sit tett i tett oppover fjellsida. Du kan sjå dei som kvite flekkar frå lang avstand.



Og så rosina i pølsa - grottepadling. Eg var litt i tvil om det gjekk denne gongen Dønningane hadd rett mykje kraft i seg sjølv om dei ikkje var store, men grottene låg i le så vi fekk inn å sjå! Grottene er ikkje veldig breide, så det beste er å padle ein og ein og rygge innover (eller bakke heiter det vel på sjøspråket).





Det fine med kajakk er at vi er små. Og kjem stort sett til over alt, så lenge det er lite sjø. I motsetnad til turistane på rib´en eller andre småbåtar...Denne gongen var vi faktisk ein av attraksjonane!

Mot fyret tok både vind og sjø seg opp, så her var det berre å konsentrere seg om å padle framfor å ta bilete. Rundt neset der gamlefyret står kan det være skikkeleg utriveleg å padle.....Det var ikkje rett så gale no, men eg kjenner eg har vore litt lite ute i røff sjø dei siste åra.


Godt å komme på land ved fyret, og godt med ein beinstrekk og litt mat i le for vinden.

Resten av turen rundt var meir krevjande. For det meste skvalpesjø frå sida. Og ingen bilete frå denne etappen. Eg følte eg berre satt og skrangla i Playen, fekk liksom ikkje kontakt med skroget og då heller ikkje den store kontrollen. Eg må forske litt på flytting av sete og eventuelt padde litt før meir drastiske tiltak veft iverksett.

Siste biten på austsida frå Runde havn og til brua gjekk i smulare farvatn. Heilt greit for min del. Dette er den lengste turen eg har padla på år og dag, og i alle fall den mest krevjande, så litt sliten vart eg på slutten. Men det er mykje som går med rein viljestyrke!


Turen rundt er ca 15 km, ikkje allverden altså, men i til dels krevjande forhald. Men det var ein kanonfin tur i fantastisk selskap, og veldig kjekt å få sjå Runde frå sjøen att!

Takk for turen!!

2 kommentarer: