GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten teknikktrening. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten teknikktrening. Vis alle innlegg

3. november 2012

Snirkletur ved Langevågsholmane

Hausten og plussgradene er tilbake att og det er sett av tid til ny tur. Denne gongen går turen i retning Langevågsholmane (Borgundfjorden) med teknikktrening som mål. Det er fint å snirkle seg attmed land mellom holmane der ute. Først snirkling der det kun er lov å styre med venstreåra, deretter berre høgreåra (sjølvsagt), så kan ein jo for eksempel berre nytte baugtak eller berre kanting. Ragnhild fører an i leiken. Ganske krevjande enno, men utruleg god trening og ein kjekk måte å lære på! Det er utruleg kor lang tid det går an å bruke på å komme seg rundt nokre små holmar.

Dette var jo ein kjekk plass - kanskje er det nokre gode plassar for å skure litt berg (rochopping) her og med tid og stunder? Jaudå - opp til fleire. Men først på med hjelmane og så forsøke å holde baugen i ro inn mot berga- "kissing land" eller noko slikt- det er best å begynne i det små.........

Magemusklane, leggar og lår har fått trent seg og nok ein fin langkort tur er over. Vi fer heim og er enige om at dette var ein fin stad for teknikktrening. Då er det berre å håpe på at det ikkje vert altfor lenge til neste gong. Takk for ein flott tur!











25. august 2012

Flø(rt) i solnedgang

Lene og eg hadde tatt turen ut til Flø for teknikktrening i litt røffare forhald med Olea og Mildrid, som begge er hakket eller to betre på det meste i kjakk. Vel framme på Flø kunne vi skue utover paddeflatt hav - ikkje så veldig vanleg her ute og litt skuffande. Men  Mildrid visste råd og sikta seg inn på nokre skjer like utom moloen. Og jaudå - her var det bølger nok til å få brynt seg. Litt pinglete er eg nok enno til å skure berg for alvor, men det er sanneleg god nok trening i å prøve å ligge så tett opp til berget som mogeleg - både rett i mot og parallellt med, utan å kolve eller renne på berget. Utruleg kjekt! Og det var ikkje minde kjekt å få seg ein surf i passe målestokk heller. Litt kammeratredning og tauing på slutten før eg nokså kald og tildels blaut (men lukkeleg) måtte slå fast at  tørrdrakta er moden for reparasjon den med.
Jau, Flø er nok ein stad eg kjem attende til!