Hausten og plussgradene er tilbake att og det er sett av tid til ny tur. Denne gongen går turen i retning Langevågsholmane (Borgundfjorden) med teknikktrening som mål. Det er fint å snirkle seg attmed land mellom holmane der ute. Først snirkling der det kun er lov å styre med venstreåra, deretter berre høgreåra (sjølvsagt), så kan ein jo for eksempel berre nytte baugtak eller berre kanting. Ragnhild fører an i leiken. Ganske krevjande enno, men utruleg god trening og ein kjekk måte å lære på! Det er utruleg kor lang tid det går an å bruke på å komme seg rundt nokre små holmar.
Dette var jo ein kjekk plass - kanskje er det nokre gode plassar for å skure litt berg (rochopping) her og med tid og stunder? Jaudå - opp til fleire. Men først på med hjelmane og så forsøke å holde baugen i ro inn mot berga- "kissing land" eller noko slikt- det er best å begynne i det små.........
Magemusklane, leggar og lår har fått trent seg og nok ein fin langkort tur er over. Vi fer heim og er enige om at dette var ein fin stad for teknikktrening. Då er det berre å håpe på at det ikkje vert altfor lenge til neste gong. Takk for ein flott tur!
Ser du har hatt atter en nydelig dag i sjøen:)
SvarSlettHar vært et vakkert lys idag:)))
Ja det ar flott i dag Jill. Men så utrolig heise vanskelig å holde kamera i vater og fritt for vann på linsa da ;)
SvarSlettÅ, så flinke dere er til å trene på ting. Her blir det mest bare med tanken.
SvarSlettFina bilder. Ser ut att ha varit en härlig dag.
SvarSlettHei, Stefan! Ja det var flott, og det beste av alt er at det er rett utenfor stuedøra! Håper du har fått noen fine høstturer i kajakken du også :)
SlettÅ. dette så deilig ut!
SvarSlett