30. april 2020
19. april 2020
21. september 2019
Mikrotelting på Alnes
Det er lenge sidan eg har vore på telttur med lillemor. Som i grunn er i ferd med å bli stor jente. Difor var eg ekstra spent på om ho framleis ville bli med på telting med mutteren. Og det ville ho!Rett nok med nokre krav: Sjokolade. Potetgull. Kort veg å gå. Kakao med krem. Havregraut til frukost. Og ettersom det var laurdagskvelden syntes eg at dette var heilt innafor.
Sol og fine meldingar. Vi traskar utover. Litt vel langt synes lillemor. Eg har sånn nåkkenlunde sett meg ut kor det kan være fint å telte, men terrenget er vått så det vert litt leiting. Vi finn oss ein plass til slutt likevel, med utsikt over heile leia. Då er det berre å få opp med teltet i ein fart, finne fram kamera og sjokolade, og sette seg godt tilrette oppå ein stein å sjå på at sola går ned i havet. Det vert ei magisk lita stund der på steinen.
Lillemor seier ikkje så mykje, før ho brått snur seg av kvistar som knekk og får auge på ein hjort som strevar med å klyve opp dei bratte fjellsidene rett bak oss. Det er eit ungdyr, men eit flott eksemplar som teiknar til å verte ein stor kronhjort om eit år eller to. Hjorten kjem seg ikkje opp, men vil ikkje ned heller. Han har sett oss og er ikkje trygg på om det det er så lurt, no midt i hjortejakta. Men til lutt tek fornuften over - han går ned att og finn ei betre rute opp.
Dag går mot kveld, og kveld går mot natt. Himmelen er djup blå, og etter kvart som mørkret tek over, kjem stjernen tydligare fram. Først Karlsvogna, etterkvart kan vi og sjå Melkeveien. Og stjerneskudd. Det er flust av dei ikveld!
Vi sit og småpratar rundt bålet heit til det er på tide å ta kveld. Smarttelefonen får ligge i fred, foruten når vi tek bilder. Ingen ytringar om at det er keisamt, og ingen som frys sjøl når doggen legg seg på bakken. Minsta sloknar tvert og søv godt heile natta.
Mens minsta ville ha havregraut til frukost synes eg det er betre med steikt egg og flesk og fyrer opp kokeapparatet. Kokekaffe høyrer sjølvsagt med på tur, og når herlege duftar når minsta er plutselig ikkje havregraut interessant lengre, så det endar med at eg må dele. Vi kosar oss med lang, god frukost før det er på tide å vende heim att.
Ein magisk tur har det vore, både for liten og stor. Og ikkje minst eit herleg avbrekk frå det digitale tytet vi til stadighet vert utsett for. Så får eg berre krysse fingrane for at minsta aldri vert for stor til å bli med mor på tur.

14. september 2019
Utstyrstest
Været er litt ymse og lysta til å bevege seg utandørs er ikkje heilt på topp. Men nokon har planar om å teste ny dykkermaske og har veldig lyst ut i vatnet. Berre ei lita stund altså. Kompromisset vert Osnessanden. Kva skal eg seie - ein flott stad å bade eller drive med rulletrening, men til dykking......tja. Uansett bra nok for ein liten testtur. Å kunne kle på seg utstyret heime er jo uansett alltid ein fordel.
Merkbart kaldare i vatnet no og det er litt vind og regn. Eg kjenner eg er litt smånervøs. Det går ei lita stud før eg finn roen, men den kjem etterkvart. Veldig djupt vart det ikkje dykka denne gongen - Odnessanden er langgrunn og ein må eit godt stykke utover før det vert djupt. Og med godt drag i sjøen utover er ikkje det så veldig aktuelt. Vi held oss på grunna.
Ikkje så veldig mykje å sjå på sandbotn, men eg kom over ei flyndre - det var litt kult. Straumen utover var ganske merkbar - og til tider hadde eg ikkje framdrift i det heile. Ein grei erfaring å ta med seg......Etter slitsom svømming i motstraum fann vi til slutt ein fiskestim i ytterkant av stranda. Men då var eg både sliten og sjøsjuk blitt og klar for å gå på land att. Eg lurer av og til på kvifor eg gidd.......
Anyway - fin tur med mykje læring var det. Dykkinga gjekk nesten like greitt som i sommar, og eg hadde lite problemer med vatn i snorkelen til trass for sjøgang. Så det kjem seg så absolutt! Neste gong vert det ikkje dykka på sandbotn og alle må ha snorkel med!
27. august 2019
Seinsommertur til Borgarøya
Det er slutt på ferien og siste rest av sommar, og det er meldt regn i uoverskuelig framtid. Her er det berre å hive seg rundt om ein vil sjå sola. Eg melder nokre damer om at no fer eg - det er berre å slenge seg med for dei som vil. Og utpå ettermiddagen står vi 3 damer klare med kajakk på Osnessanden.
Vi siktar oss inn på Håkonsholmen først. Elin og Anita leder an.
Stilt og fint utpå så det går som ein leik. Snirkling inn og i mellom må til før vi padler vidare på yttersidanav Hatløya.
Her var det mykje straum og ein del skvalpesjø, men det kjem sjølvsagt aldri med på bilde, men det roa seg med ein gong vi kom på sørsida.
Idyllisk å snirkle seg siste stykket inn mot den gamle handelstaden på Borgarøya. Så fint hadde vi det at eg aldeles gløymde å ta bilder....
Greitt å komme seg heim før det skymest. Etter veker med lys døgnet rundt er det ein overgang å måtte ta omsyn til mørkret att. Vi beregna det godt og var tilbake på Osnessanden i akkurat passelig tid. Flott tur i fantastisk selskap var det i alle faTakk for turen - måtte det bli fleire slike!
2. august 2019
Padling i Godøysund
Det nærmar seg slutten av ferien og vi er innom mi barndoms øy, Tysnes. Eg har veldig lyst å vise fram Godøysundet og området ikring, som ligg nord på øya. Ei skjult perle for dei fleste og store delar kan kun opplevast i båt. Eller kajakk....
Vi legg ut frå småbåthavna i Våge. Her er det greitt å gå ut når ikkje Svanefar med familie er her vel å merke....
Utover mot lampa utforbi Våge. Her er det stort sett alltid litt rufsete sjø. Som sjølvsagt aldri kjem fram på bilde....
Gunnarsvikjo. Min favorittbadeplass.
Litt lengre inn i Godøysundet inn forbi Dukaneset, finn vi ei vik utan navn. Legg merke til murane i bakgrunnen. Dette er ein kolerakyrkjegard, som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. På Tysnes er det tre av dei. I frykt for smitte og epidemi vart desse gravplassene lagt så langt unna folk som råd var.
Rundt Tyttebærholmen og ut i sjølve Godøysundet. Bilbru i strekkmetall i bakgrunnen.
To blide padlarar og strekkmetallbrua i bakgrunnen.
Å padle i Gødøysundet mellom alle holmene og sunda som finst her, er det nærmaste ein kan padle i ein jungel i Noreg. Her er det enkelte stader dristig å ta seg fram med båt, men går akkurat med kajakk!
Ilandstigning på målet for turen - Solstråleøya. Ei særeigen øy som var i britisk eige fram til 1905, då ho vart gitt i gåve til den norske kongefamilien. Då kong Olav V døydde vart øya gitt i gåve til Tysnes kommune. Aust på øya ligg den gamle oppsynbustaden, og kan leigast etter avtale med Solstråleøya venelag. Øya er særs frodig og her finst 20 ulike treslag. Ikkje alle er naturleg heimehøyrande her, men er blitt planta. Flotte er dei i allefall!
Det tek til å kveldast, så etter ein rundtur på Solstråleøya er det ut att i kajakken. Og det vert berre lækkert når sola speglar seg i speilblankthav, og furutrær i silhuett mot ein gyllen himmel.
Nesten som på Nittedals fyrstikkesker. Minus kajakken då.
Vi må stoppe opp på veg innover mot Våge og berre nyte kveldshimmelen litt. Lyset endrar seg frå minutt til minutt, og det er passe skymt når vi kjem til land att. Ein fantastisk flott tur i verdas beste selskap!
Abonner på:
Innlegg (Atom)