GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

28. september 2020

Riding wawes again

Liver skjer og det er ikkje alltid ein klarer å halde seg på hesten. Ein ramlar av stundom. For kortare eller lengre tid. Men på eit eller anna tidspunkt får ein prøve å freiste seg opp i sadelen att. Ha det litt morro. Gjere kjekke ting med kjekke folk. Leike og le. Godta at ein ikkje er der ein var, men likevel kunne glede seg over over det ein framleis får til. Ramle og slå seg, men reise seg att like fort.

Det er fire år sidan sist eg surfa. Det var i Hoddevika med Mildrid. Husmorferie med ungar på slep. Det har rent mykje vatn i havet sidan den gong. Ungane har vakse til, vondtane er blitt fleire og erfaringsbanken større. På godt og vondt. Padleturane har blitt færre og færre, og surfinga lagt aldeles på hylla. Heilt til det forleden slo meg at no var tida inne. Dette kan ikkje vedvare lengre. Eg treng å leike litt. På ordentleg. Ikkje berre snakke om saknet over det som ein gong var.

Eg sjekkar Surfemeldingane. Og som om nokon skjønar kva eg treng ser meldingane heilt perfekte ut for ein rusten kropp. Eg tek kontakt med Lene, og før eg veit ordet av det sit to blad Lene og eg i kvar vår kajakk på veg til surfespoten Alnes. Eg har testa Playen på tur i bølger, men aldri på surf, så adrenalinet og frykten  slår til tvert. Angeren kjem sigandes i det vi passerer nokre brott på veg utover og eg slappar på ingen måte av. Men eg overlever og pustar letta ut, når eg kan ligge i dønningane utan frykt for velt.

Dei to andre hiv seg uti det. Eg har ein lengre diskusjon med meg sjøv: Det ser for voldsomt ut. Bølgene er for bratte. Dei bryt for langt inn mot stranda. Eg kjenner ikkje Playen godt nok. Rulla sit ikkje. Eg kjem meg ikkje opp i kajakken att om eg må ut. Men så ser det likevel så utruleg freistande ut..... Lene H som ikkje har gjord dette så mykje, drit i alt ho ikkje kan enno. Surfar, går rundt. Må ut av kajakken. Og gliser likevel. Ikkje fakerten om eg kan være nokke dårligare. Dette har eg jo gjort før.....

På neste bølge kastar eg meg uti det. Det får briste eller bære. Men det går heilt fint. Bølga var lita, eg fekk nesten ikkje surf, men nok til at frykten slapp taket. Frå då av og utover er det berre morro. Vi leikar og har det kjekt, vert tøffare og tøffare. Etter to timar har kroppen fått nok. Bølgene tek til å bli store, det har begynt å bli skymt - på tide å gi seg. Det kjennes godt å ha fått surfa igjen. For kropp og sjel!

Takk for ein herleg kveld damer! Akkurat det eg hadde behov for no!

Og Lene sin versjon av turen kan du lese om her.





 







2 kommentarer: