GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

10. oktober 2020

Haustleg i kajakk

Så er hausten her. Kaldt, grått, vått. Finværet klarer ikkje time det til helg, og når det er i helga ein har tid til å padle, då blir det padletur sjøl om.

Vi legg ut frå Jensholmen. Tek ein runde på innsida av Herøya før vi krysser leia. Ein stor lastebåt langt, langt der ute er på veg nordover. Dei kjem styggfort desse båtane utan at ein heilt klarer å sjå det, men vi rekk å krysse leia før den kjem med grei margin. Så snirklapadlar vi oppover Straumane til vi finn ein passeleg holme å raste på. Det er i grunn ikkje flust av dei her.

Været er ikkje det beste, så planar om bål utgår. Det er ikkje dagen for lang rast i dag. Og når fingrane kjennes passe valne er det på tide å komme seg heim att. Litt kokande vatn i hanskane og eg klarer å gripe om åra att. Det er fredeleg på heimvegen. Søndagsstilt liksom. Ikkje så mykje vind lengre og berre litt vått. Det er til å leve med. Godt å være ute likevel. Fin tur i godt selskap var det no i allefall - uansett vær.






 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar