GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

26. september 2020

Endeleg sol og tur til havs!

Eg har besøk og for første gong på lenge, er det opphald to dagar i strekk. Etter ei intens jobbeøkt laurdag var det tid for ein velfortent padletur søndag! Sol, fin temperatur OG så godt som vindstille. Det freistar med tur utover,og Flåvær vert raskt peika ut til å være dagens turmål.

Vi legg ut frå Jensholmen og padlar utover. Det er ikkje så mykje å seie anna enn at det er utruleg vakkert utover. Speilblank sjø, og kun nokre svake dønningar ytterst ute i det vi rundar fyret. Her lunsjar vi og nyt sola i berre BH-en. Så tek vi ein runde til fots på Varholmen før vi snur nasen heim att.

Det er like stilt og fint heile vegen innover att. Like før vi er inne i båthamna att ligg ein oter på rygg og knaskar på eit skjel. Eg har aldri vore så nære oter før og vel å nye synet framfor å ta bilete. Magisk avslutning på ein magisk tur!











1 kommentar:

  1. Se der ja! Oter som spiser er ofte helt i sin egen verden, da kan man komme virkelig tett på. (y)

    SvarSlett