GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

11. april 2019

Flatt hav.....

Lene og eg hadde planar om litt forsiktig surf (lenge sidan eg har gjort slikt), og inviterte med nokre damer på leik og morro på Blimsanden. Strålande solskinn, ikkje nokke vind - og flatt hav......Det var vel ikkje anna å vante, men dønningane gjer at det kanhende e litt å leike seg med ved eit og anna skjer?

Det er lenge sidan eg har rulla nokke særleg, endå lengre sidan eg har surfa, og ingen av delane har eg prøvd med nybåten. Då er det berre ein ting å gjere - rulle den inn mens det enno er dagslys! Det gjekk - så vidt! Men klapp på skuldra for å ha gjort det i vatn som held 3+, med ein ny kajakk full i remedier i tilfelle ilandstigning (Noko eg tek for gitt sidan det er Lene sin bursdag og eg reknar med ho som vanleg er godt førebudd.....).

Med hjelm og ellers godt utstyrt padlar vi utover. Finn nokre tilsynelatande fine bølger, men dei er uråd å fange. Vi dreg vidare til neste - her klarar Lene H. å få ein kjempeflott surf! Så vi ventar, og ventar, og ventar.......men nei! No er sola på hell og det er like før den dett i havet så vi flyttar likegodt fokus over på solnedgangen som kjem om litt. Og den ser lovande ut! Frå ein holme eller frå kajakk? - spør Lene - og her burde eg tatt eit hint. Eg har på dette tidspunkt heilt glømt at ho har bursdag, og det har visst dei to andre og. Ingen klarar å bestemme seg og Lene insisterer ikkje på holme. Og å sitte i kajakk ute på havet når sola droppar - det er magisk det! Så vi blir i kajakkane, mens Lene får seg ein liten surf i solnedgang. Eg tør ikkje, er litt pysete, og er heller fotograf.

Ein vert nesten litt andektig av å sitte slik i ein bitteliten farkost å sjå sola gå ned i det store havet. Vi er heilt stille. Lenge. Og det skal litt til! På heimveg legg vi planar om litt redning og slikt før vi går i land. Og som vanleg har eg lite lyst til slikt på slutten av ein tur. Men eg mannar meg opp og er med dei andre på ei lita økt. Kjenner eg må øve litt på å komme opp i kajakken - er blitt tung i ræva sidan sist, men det går overraskande bra likevel.

Så er ein fantastisk tur i flott selskap over. Og jau- Lene hadde kake og kaffi med, men det vart vi einige om å ta ein anna gong

Eg starta turen med å rulle Playen for første gong. Det gjekk. Såvidt...
Jenter på jakt etter leik og morro....



OK då - så var det viss heilt flatt hav i dag....


.....men solnedgangen var det ingen ting å seie på!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar