GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

19. april 2019

Padling i Askvoll

Det er påske, fine meldingar og silkeføre på sjøen. Eg er i Askvoll på påskeferie og no ligg altså forhalda til rette for (endeleg) å kunne sjå bygda frå sjøen. Turen går frå Klokkarneset, på innsida av Prestøyna og vidare til Flatøyna. Her er det for tida fredningstid så eg fekk ikkje høve til å gå i land, så eg må nok ein tur til ein gong seinare. Eit oterpar dreiv å leika seg i sjøen her, og det tok litt tid før dei oppdaga oss og forsvann.

Så bar det vidare til Sauesundøyna. Her gjekk vi i land for ein beinstrekk, kvikklunsj og kaffi. Men før det gjekk vi på oppdagelsesferd til det gamle bruket som ligg her. Forfallet har komme langt- synd for det er ein fin plass. Men lykkelig vert den som finn eit hav av gammeldagse påskeliljer! Etter litt arbeid er eg altså den lukkelege eigar av ein pen bukett slike!

Det vert seint før sjokoladn er fortært, men vi satsar på at vi kjem heim før det vert mørkt. I det vi rundar nordsida av øya har fullmånen komme opp. Magisk! Og veldig greitt med utelyset på når mørkret kjem sigande! Vi stig på land akkurat i passe tid før det vert mørkt! Ein fantastisk fin tur i vakkert landskap i kjekt selskap- meir enn det kan ein vel ikkje forlange?











Takk for turen :)!



2 kommentarer: