GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

1. mai 2019

Første rulletrening med Play

Det er på tide å bli litt meir kjent med Playen. Dessutan treng eg å komme meg på hesten att- få dreis på eigen - og etter kvart kammeratredning, få på plass rulla, surfe og slike ting. Det er alt for lenge sidan eg har holdt på med slike ting, og eg kjenner at eg saknar det. Og så saknar eg rulle- og tøyseøktene med Mildrid på Osnessanden.

Men ein ting i gongen. I dag er det rulletrening og litt eigenredning som står på programmet. Og Mildrid er sjølvsagt med i Greenlanderen. Det er kaldt i vatnet enno, men det får stå til. Dei første rullene er ikkje spesielt bra, men eg kjem meg opp. Etter kvart går det betre. Playen er heilt klart anleis å rulle enn Romany. Gjort rett skvett Romany opp ganske fort og rulla kjennes meit kontant. Playen er meir jamn, det går seinare, ein må jobbe heile vegen rundt. Til gjengjeld toler Playen at eg gjer feil, eg kjem meg opp uansett - sjøl om eg ikkje kjenner båten så godt enno. På godsida.....Vranga er ei anna historie.

Mens Mildrid held på med grønlandsrullene sine, fortsett eg med litt eigenreding og kanting før vi gir oss. Kortversjonen er at her må det øvast, men det står betre til enn eg tudde. Alt i alt ei veldig fin økt, og eg gler meg til å bli betre kjend med Playen!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar