GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

16. mai 2019

Kosetur i Kjeldsund


Med sjauing i hage og bortkøyring av hageavfall på agendaen rekna vi med at det ikkje vart så mykje energi att til ambisiøse padleplanar. Då er Kjeldsund eit høveleg alternativ, dessutan er det lenge sidan eg har snirkla meg rundt her. Passe maroder i rygg og armar etter hagearbeid gjorde Ann og eg avtale med Mildrid om å møtast i Kjeldsund søndagen før kirketid.

Eg skal glatt innrømme at Kjeldsund ikkje er min favoritt. Idyllisk - heilt klart - men området er lite og det er begrensa kor langt ein får til å padle sjøl med snirkling. Men i dag var det akkurat dette vi hadde behov for. Å padle inn i mellom og rundt omkring, holmar og viker, grøne grunner, lauv som sprett og kvite toppar. Jaudå - Kjeldsund har absolutt sine kvalitetar.

7 km vart det totalt. Og nett passe til slitne kroppar!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar