GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

31. mars 2015

Kajakksurfing i Hoddevika

Gloppen padleklubb inviterte til Surfesymposium i Hoddevika Palmehelga og skulle stille med Ronny, Hallvard og Ashley frå God Tur som instruktørar, og då er vi ikkje seine om å melde oss på! Etterkvart som det nærmar seg avreise og metrologane lovar kuling og snø kjem tvilen sigande, men det får berre være. Fredag kveld loggar 4 representantar frå HKK (Lene, Mildrid, Christer og eg) inn hos Stadt Surfing i lag med 11 andre spente padlarar frå Trøndelag i nord til Stavanger i sør.

Laurdag er det kraftig frålandsvind. Ikkje heilt optimalt altså og eg er litt spent.  Vi deler oss inn i grupper etter nivå og kvar gruppe lagar sitt eige opplegg. I lag med Ronny tek gruppa vår ein diskusjon kring padleteknikk og kva vi ynskjer for dagen. Læring er jo målet og sidan det er lettare å øve seg på teknikk på innsida av dei store bølgene vert vi einige om å halde oss der.

Vi byrjar med sidesurf og er utpå kvar sin tur. Det er kjekt å måle kreftene med bølgene, og det er kjekt å erfare at eg etterkvart meistrar, og når eg attpå til klarer å rulle meg opp att etter ein velt vert eg heilt euforisk! Vinden gjer det ekstra utfordrande og tungt, men det er kjekt fordiom. Etterkvart er det å øve på å styre surfen- det tek litt tid før eg får dreisen på det , men på slutten av dagen går det opp nokre lys. Den største utfordringa er likevel å ha kontroll på seg sjølv og plassere seg i forhold til dei andre på vatnet for å unngå kollisjon. Det er til tider kaos ute på vatnet, og litt færre folk utpå i gongen hadde gjort seg.

Søndag er vêret betre, pålandsvind og gløtt av sol, men bølgene er større....... Eg kjenner det kriblar i magen og tvilen kjem sigande, men då det er berre å hive seg utpå! Det er meir kraft i bølgene i dag og i kombinasjon med ein støl kropp frå dagen før vert eg fort sliten. Eg går rundt fleire gonger, men når eg kolvar der det er djupt nok ruller eg meg opp att. Lukke!!! Etterkvart byrjar eg å få dreisen på styring av surfen, og alt er berre morro!

Gjennomsliten, men lukkeleg avsluttar eg dagen. Ei kjekk helg er over med fantastiske instruktørar, bra opplegg og godt sosialt samvær. Mykje god læring og meistringsfølelse gjer godt for sjølvtiliten. Og endå er det tidleg i padlesesongen!

Eg hadde nok med å halde meg i kajakken og tok lite bilder, men Ronny (Riise) derimot har vore laus på avtrekkaren og deler villig vekk. Litt høg på meg sjølv etter ein smugkikk vert det kanskje litt mykje sjøldigging denne gongen, men skitt au!











Og her eit bitte lite utvalg av Ronny sine flotte bilder:

Christer:



Lene:



Mildrid:



Mildrid og Lene:


...og til slutt ein real dose underteikna.....








2 kommentarer:

  1. Imponerande skumbad ni hade! Fina bilder dessutom. Måste vara en skön känsla efteråt att ha testat detta.

    SvarSlett
  2. Herlige bilder! Og her satt jeg inne hele helgen! :(

    SvarSlett