GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

15. mars 2015

Kjeldsund, Herøy Gard, Flåvær og telt

Meldingane for helga er fenomenale. Eg vil padle og Mildrid vil telte. Med familie og spetakkel er det ein ting som gjeld- 24-timars husmortur. Vi er blitt rett gode på konsepetet og har planen klar: rett frå jobb fredag, legge ut i Kjeldsund, telte på Herøy Gard, padle ut til Flåvær neste dag og returnere til Kjeldsund. Som sagt så gjort.

Vi landar teltplassen med god margin til mørkret, slår leir og kveldar. Det er stjerneklårt og fint. Natta har vore kald og vi vaknar til frost og rim på bakken. Sola renn medan vi et frukost- dette vert ein flott dag! Før dei fleste har fått i seg kaffien er vi på god veg ut til Flåvær. Blikkstille hav, sol og velstand. Passerer Hurtigruta "Lofoten" (framleis i drift mon tru?), og ein flokk niser på vegen, ellers er vi åleine.

Begge har vore på Flåvær fleire gonger før, så vi droppar å gå på land. Snirklar litt rundt, leikar litt og sett nasen attende mot Herøy Gard. Lunsj og sol i naustveggen og så attende til Kjeldsund i rimlig tid. Vi kan fornøgd slå fast at  padlekondisen slett ikkje er så værst til å være tidleg i sesongen og at vi har fått mykje ut av dei siste 24 timane- 32,7 km totalt, fjorpadling, havpadling og telting. Me like :)












5 kommentarer:

  1. Ser verkligen ut att ha varit en god tur. Fina vyer o bilder! Skönt att paddelsäsongen är igång nu...

    SvarSlett
  2. Knallfin tur det der! Betyr det at marsrulla er i mål? Jeg gadd ikke på vinterpadletreffet heller.

    SvarSlett
    Svar
    1. Sparer på marsrulla til slutten av månedn som vanlig ;) Regner med jeg får en del ufrivillig velt i Hoddevika om to uker, så anledningen byr seg nok...

      Slett
  3. Herleg :) flotte bileter :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk Therese. Om du ikkje he vore ute på Flåvær enno må vi ta ein tur!

      Slett