GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

19. mars 2015

Borgundfjordfiske

Kvart år kjem skreien inn i Borgundfjorden for å gyte. Og kvart år har eg kikka ut stoveglaset ned på ein flåte av småbåtar som samlar seg i Aspevågen for å fiske, og tenkt at dette hadde voke kjekt å ta del i. Ikkje at eg har egna fartøy, men eg har jo kajakk.......og kanskje Lene vil bli med....??

Det vil Lene så klart, og vi ordnar oss med stong, harpe og plastbøtte (som passar perfekt i eine luka på Lene sin kajakk) og legg utpå rett etter jobb. Spenninga stig i det vi nærmar oss fiskeflåten, og vi er ikkje heilt einige med oss sjølve om vi faktisk vil ha fisk eller ei. Men vi legg oss til midt i flokken og hiv ut snøret,.......og kjenner pulsen stig eit par hakk når vi ser at dei dreg ombord ein 10+ kg torsk i nabobåten.....Det manglar då heller ikkje på spørsmål frå småbåtane- "He de tenkt på korleis de skal handtere fisken om han bit på?" Vi hadde vel igrunn ikkje det, men så er det jo berre ein måte å finne det ut på......

Heldigvis fekk vi ikkje fisk denne gongen, men morro var det. Berre det å ligge ute i mylderet av småbåtar var ei oppleving i seg sjølv. Og vi er skjønt einige om at vi vert med på neste års Borgundfjordfiske og!





3 kommentarer:

  1. En 10 kg kunne blitt litt av et basketak!! husk å legge ut film om det skjer:))))

    Fin påske:)))

    SvarSlett