GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

27. september 2013

Giske rundt endå ein gong

Det er haust, eg er småfrossen og foten er framleis relativt nyoperert (3 veker i dag). Ny tur og ny målsetting: å ta septemberrulla. Kroppen strittar i mot, haudet strittar i mot, foten strittar i mot, temperaturen er på nedadgåande. Einaste grunn til å forsøke er at noko må eg gjere før eg gløymer det heilt.
Oppvarmingspadling først. I motvind. Lenge sidan det og så eg har berre godt av det. Varm og god i trøya til vi når stranda på yttersida og rulling verkar ikkje så uoverkommeleg lenger. Ei vellykka og ei "så där". Ikkje værst etter ein heller laber rullesommar. Lene ser derimot ut til å ha god kontroll og skvett opp att som ein kork!

Sola er låg og det er på tide å plukke fram kamera. Alnes i solnedgang, kajakk i solnedgang, stein i solnedgang.....Giske er like vakker kvar gong sjøl om vi har sett det før. Vi måtte sjølsagt avslutte i båthamna med nokre ruller. Denne gongen med grønlandsåre og eit ikkje heilt vellykka resultat. Men, men- eg har no septemberrulla på plass lell. Vellykka tur rundt Giske endå ein gong mao.

 Lene har laga nokre fine filmsnuttar for dei som vil sjå!











Kneet er heilt klart betre enn sist.
Kjende ingen ting hverkan når eg padla eller når eg rulla,
men coboyredning er framleis ikkje heilt lett enno.
På land derimot går det ikkje like fort
eller smertefritt...


9 kommentarer:

  1. Gratulerer med septemberrulle. Jeg velger å ignorere at temperaturen er på vei ned. Det har vært så varmt i september, at det må da gå noen måneder før det merkes... Velger jeg å tro. Og tro kan flytte fjell, osv.

    SvarSlett
  2. Flotte bilde! Det av spoven vart jo kjempebra! Takk for turen!

    SvarSlett
  3. Ok. Då veit eg korleis ein spove ser ut! Takk!! Padlemia- eg reknar med du tek utfordringa om å bli med Lene, Mildrid og meg på å rulle deg gjennom vinteren? Kaldast i April, men det er jo leeenge til :)

    SvarSlett
  4. Hvilken spove? Fjæreplytten som står på steinen? ;)

    - Om jeg ruller meg gjennom vinteren spørs nok rett og slett hvor fort det går å ta rulla tilbake.

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei vent - dere har en sånn spove som vi ikke har! Urettferdig!

      Slett
    2. Ædabæda! Rulling, bading-samma det- poenget er å gradvis venne seg til kaldvannet for så å forhåpentligvis bli tøffere i trynet :)

      Slett
    3. Da er jeg ikke med - jeg ER tøff i trynet. He he he.

      Gradvis tilvenning høres lurt ut. I'm in.

      Slett
    4. Toppers! :D , og det må sjølsagt dokumeterast på bloggen, hehe. Jaffal avogtil.

      Slett
  5. Heldiggriser jenter, så fint det er! Bra du er på "beina" igjen :-D

    SvarSlett