GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

2. april 2013

Grasøyane

Lene og eg har lenge sikla på Grasøyane. Dei ligg der så forlokkande mellom Runde og Alnes, "rett" utforbi Flø. Dvs. dryge 5 km utforbi. Færøyane og Island neste. Dette er mao ikkje ein tur eg tek sånn på sparket eller med urøynde folk. Ikkje fordi det er så himla vanskjeleg å padle 5 km utover, men fordi konsekvensane kan verte så store om ting ikkje går etter planen. Avstanden frå land midt ute i ingenting gjer at vérforhalda må vere gode og marginane må vere på vår side. Og så tek vi ein runde på førehand slik at vi er samde om kva som er greie forhold FØR vi fér ut.

Det er ilandstiginsforbode på Grasøyane frå 15.april til 15.august. Og ettersom 15. april er  om kort tid vart det no eller aldri. Meldingane var "tvilsame", litt i overkant mykje vind. Heldigvis betra det seg til padledagen kom og vår lokale helt Mildrid kunne melde at det var flatt hav frå Stadt og nordover. Ein liten runde på land i havna på Flø om skal/skal ikkje, før vi alle tre med ulik padlekompetanse vart einige om "skal". Juhuu-endeleg!

Vi sikta oss inn på Tøyrane lengs vest, der Mildrid før hadde truffe på sel. Vi nærma oss og spennina steig - var det sel her ute? Å jau då, først eit lite hovud som stakk opp av vatnet og kikka nyskjerrig på oss frå trygg avstand, så eitt til og endå eitt! "Ungsel", kunne Mildrid slå fast - "gråsel, kanskje?" Diskusjonen gjekk ei lita stund. Steinkobbe er det i allefal ikkje! "Internet har nok svaret" konkluderte Lene med og vi to andre var samde i det. Nettet påstår at her ute er det steinkobbe, så ikkje veit eg kva det er! Ungselen vart meir og meir modig, og var til slutt bortom og snuste på kajakken til Lene - ho vart rimeleg nok "høg" ei lita stund på nærkontakten. Sjølv fekk eg oppleve at ein av dei la seg på botnet under kajakken min og studerte meg - utruleg kjekt!

Vi padla på nordsida tilbake til sjølve Grasøya for rasting, og jaggu vart det litt sjø gitt! Frå alle kantar. Støttetak, balansekunst og full konsentrasjon med litt sånne der "her har eg f... meg ikkje lyst til å havne i det j.....kalde vatnet" tankar i hovudet. Litt lenge siden eg har padla i rotesjø merka eg. Men det gjekk greitt, og bank i bordet- eg vart IKKJE sjøsjuk (mot normalt). Vi steig på land, lunsja og varma oss i sola før den obligatoriske sight seeing runden på øya.

Så bar det heim att og avstanden inn til Flø verka uendeleg lang. Godt over halvvegs fann Lene ut at ho på død og liv ville prøve på rulla i bølgene. Eg kjende at det hadde IKKJE eg lyst til. Når eg er lenge ute i bølger (sjøl om dei ikkje var såååå store) og vatnet er kaldt, er det å be om å bli sjøsjuk om eg då badar. Nei, det får vente til vi er attmed land! Derimot prøvde eg meg på tauing, og det er rett slitsomme greier på slutten av ein tur. Litt greitt å kjenne på det og.

Vel inne i havna igjen meinte dei to andre at "no er det vel dags for marsrulla?" Ikkje om eg hadde lyst til å rulle denne gongen!! Ålesund havn hadde meldt 4,7 grader i vatnet - kaldaste sidan vi starta med rulle-året-rundt-prosjektet vårt, litt sliten etter turen, og bølgene satt i kroppen........Må eg? "Ja!" kom det frå dei to andre. Ok- det vart nesten bom, men eg berga den likevel. Såvidt. Akutt kvalm vart eg og.

Dette var absolutt ein "høydare" når det gjeld padleturar. Veldig véravhengig, begrensa tidsrom grunna fredingstida, eksponert, inn i mellom litt utfordrande padling og nærkontakt med sel! Vanskjeleg å styre seg denne gongen mht billedutval og ord, men eg reknar med det vert lenge til neste gong eg er der ute så ber over meg med det.

Takk for ein utruleg flott tur og ei kanonopning av padlesesongen 2013! Sjøl om vi rett nok har padla i heile vinter :)















13 kommentarer:

  1. Flott tur med kjekt selskap! Eg trur eg kan seie at du var i trygge hender! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. ..og vi gler oss til du kjem opp og padlar litt i lag med oss.. :)

      Slett
  2. Oh, yess Odin. Her var nok eg den med minst kompetanse.........Desto kjekkare at eg får lov til å bli med :)

    SvarSlett
  3. Dette var en skikkelig tur tur:)) Nydelig nydelig! Og flott selskap, alle tre:))

    SvarSlett
  4. Kjenner at jeg blir skikkelig misunnelig på dere alle tre ;ø)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, det har du all grunn til!

      Slett
  5. Hehe - så artig å lese di utgåve! Fine bilde! Internettet har talt, det var havert(gråsel) vi såg der ute, men steinkobba er langt meir vanleg på kysten her. Eg kejnde det og som ein offisiell "sesongstart" - så måtte det verte fleire fine turar i sommar!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tenk at sjølvaste Fylkesmannen kan ta så feil (mht selart)! Han har på den andre sida neppe vore ute og sjekka sjølv...

      Slett
  6. Fresh og fin blogg og bilder!

    SvarSlett
  7. Takk for det! Hyggelig du tittet innom!

    SvarSlett