GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

6. april 2023

Kosetur i Kjeldsund

Sjølv om påske og finevær for ange er synonymt med skitur, er det å padle på denne tida av året kanskje noko av det finaste eg veit. Sjøen er som oftast krystallklar og lufta klår og skarp. Då er det kjekt å få høve til å padle med nye folk. Nokre kjente, nokre ukjente. Og kjekt å treffe folk eg kun kjenner frå den digitale verda på ordentlig.

Sulling i Kjeldsund er ein fin plass når hovudmålet er å være sosial. Praten går ofte fortare enn åretaka, så det er ikkje om å gjere at det er for langt. Men det må være langt nok til at det er fint å legge inn ein god rast, og i området rundt og i Kjeldsund er det fleire fine plassar å gå på land. Men først tok vi oss ein runde for å kikke oss omkring.

Speilblankt i Kjeldsundet

Vi tok ein snartur inn i Makrellvågen. Rjåhornet rett forut.

På veg tilbake mot Kjeldsundet att.

Den gamle røykeriet i Kjeldsund

Her har vi runda Hestholmen og er på tur sørover igjen.

Det er berre lekkert!

Vi kryssa over mot Furøya snirkla litt der før vi pausa. Her heiter det også Kjeholmen...

Kokekaffe på bål og godis er obligatorisk på kosetur.

På heimveg snirkla vi meir. Bakarholmen th og rett fram.


Det er utruleg kor fort tida går når ein er på sjøen i godt selskap. Området rundt Kjeldsund er ikkje frykteleg stort, men med all snirklinga kom vi påå i 9,3 km målt i ettertid på kartet.Med grilling, god prat undervegs og nye bekjentskaper vart dette ein strålande påsketur på sjøen! Takk for turen - og på gjensyn!

5. april 2023

Early Bird rundt Hatløya og Borgarøya

Nokre gonger er det fint å legge avgarde på morgonkvisten. Og dette var ein fin dag til det, og ein finfin start på ein Palmesøndag. Eg har padla rundt Hatløya fleire gonger før, men der ligg jo fleire småøyer det går å padle rundt der ute og. Og på evig leit etter nye teltplassar tenkte eg at det var verd litt undersøking. Og som sagt så gjort. Eg fann ikkje så himla mange nye teltplassar, men turen var fin fordiom.

Start ved Osnessanden


Ved Tjuvholmen

Utsikt mot Byholmane

Litt snirklepadling i Tarevika.

Pause ved Grøneholmen

Snødekte fjell - freistar det og!!

Gurskøy rett forut og Herøy bru th i bilete (om ein zoomar litt inn)


Sørenden av Kalvøya. Trur eg....

Ulsteinvik

Tilbake ved Osnessanden att.

4. april 2023

Rjåhornet (598 moh)

 I år har påska verkeleg vore fin, og til alt overmål har det vore skiføre her ute i Nordvest. Tysdag etter palmehelga fekk eg og eldste jenta oss ein finfin tur opp til Rjåhornet ute i Herøy.

Vi starta på parkeringa ved Leikongsætra. I seinaste laget skulle det vise seg. For når vårsol i bakkane blenker, forsvinn skiføret under føtene våre. Om ikkje lenge er det fjellsko som gjeld. Vår snø er tungt å gå i, men så lenge turen er målet er det ikkje så nøye om vi ikkje kjem oss på ein topp.

Dei første bakkane opp frå Leikongsetra. Det er vår!

Sollia eller Rjåhornet? Åse nyt utsikta medan vi tenkjer oss om.

Ingen av oss er heilt i slaget, så vi funderer på kor langt vi orkar å gå. Vi studerer litt kart og terreng, og satsar på enten Sollia eller Rjåhornet. Og om vi ikkje orkar nokon av delane, er det og greit å snu oppe på Sletteheidane. Vi ser.

Flott utsikt mot fjella i Syvde (?).


Vel oppe på Sletteheidane. Flott utsikt mot Sunnmørsalpane!!


Vi kjem oss greit opp på Sletteheidane, og vert stadig lurt av avstanden. Som til forandring er kortare enn det vi i utgangspunktet trudde. Frå Sletteheidane ser vi ein knaus med mast på som kan være eit fint turmål. Ettersom den ikkje ser ut til å være så langt unna, så vi siktar oss inn på den. Det viser seg faktisk å være Rjåhornet!

Rjåhornet rett forut. Det er ein liten tanke lengre og brattare enn kva som vises på bilete.


Toppen!!

Det er nesten t-skjortevarmt heile vegen opp og skikkeleg påskestemning. Alle andre ser ut til å ha valgt seg Sollia som turmål. Det er i grunn litt fint å tusle avgarde for oss sjølve. Vel oppe er det obligatorisk kakao, sjokolade og appelsin, før vi må skunde oss ned att før det frys på og vert vrient å renne.

Flott lys!

Nede på Sletteheidane att.



Nesten nede att.

Vi kjem oss heilberga ned, men det var i siste liten for føret sin del. Det går litt ut over lårmuskulaturen, men det gjeld same regelen ned som opp - det er berre å ta tida til hjelp. Dette omsrådet har eg hatt lyst å utforske lenge, så kjekt å endeleg fått gjort det. Skiterrenget her er fenomenalt - når det er snø. Og slikt er fint å vete til seinare :)

19. mars 2023

Mosvarden (550 moh)

Snøen har det med å la vente på seg her på Ytre Sunnmøre, men når den først kjem er det ikkje måte på. Og ettersom den heller ikkje har det med å ligge så lenge, er det berre å nytte høvet og bruke den til noko fornuftig mens ein kan. Nedoverski er det som freistar mest, men med knekt halebein friskt i minnet er det nok best å gå for noko som er mindre brutalt for stussen. Viddene ovom Ulsteivik ligg fine og kvite, og både Lene og eg har yst å utforske terrenget her.

Vi var innstilt på å vasse til knes i djupsnøen, og gå så langt vi hadde krefter til. Med lågt ambisjonsnivå og med turen-er-målet-innstilling legg vi av garde ikkje alt for tidleg. Og vi er heldige: nokon allereide har trakka spor! Dels er det køyrt opp løyper, og dels har nokon labba vidare innover. Heilt opp til Mosvarden faktisk. Og den ser jo ikkje alt for langt unna ut heller....Vi stoppar før dei siste bakkane for påfyll av energi og litt ekstra klede. Målet er framleis sjølve turen, så det er ikkje om å gjere å komme seg til topps. Men vi ser det an.

Ein skulle tru vi var på mini-Hardangervidda. Kvite vidder og slake toppar. Det er ikkje akkurat dette er forbinder med Søre Sunnmøre. Sola bryt litt igjennom og det er nesten påskestemning. Kortreist lukke! Vi traskar roleg oppover, og sakte, men sikkert nærmar vi oss toppen. Rett nok byrjar eg å kjenne det i beina, men no er det for dumt å snu. Eg hentar fram det eg har av viljestyrke, og til slutt er vi oppe ved varden. Om ikkje utsikta er i øverste sjiktet, er den absolutt verdt det og vel fortent!

Nedover tok eg ikkje bilete. Eg hadde nok med sjølve nedkøyringa. Pudderføre med gjennomslag er ikkje alltid like lett. Fordelen er sjølvsagt at ein fell mjukt. Ulempen - at det ikkje er så lett å komme seg på beina att. Trøysta er at ingen andre ser ut til å meistre føret fullkomment heller. Vi kjem oss ned til middels stilkarakter, vel fornøgde og møre i beina. Ein fantastisk flott tur eg sikkert kjem til å gjenta om det er nok snø! Takk for turen Lene!

Fin start med oppkøyrde løyper!
Ferdig med dei første bakkane. Kiberget th. Kanskje eg må opp dit eing gong og...

Fint å sjå seg tilbake og nyte utsikta litt.

Kvite vidder og berre lekkert!

Lokalt landemerke mellom Hareid og Ulsteinvik sett frå "baksida". Eg synes dei liknar ein caravane med kamelar i ørkenen. Andre kallar dei for indianarar.

På veg opp mot Mosvarden. Slak og fin stigning.

No smakar det fuggel - nesten oppe!!

Oppe med varden. Utsikt mot Leinøya, Remøya og Runde.

1. januar 2023

Årets første!

Eg hadde store planar for mykje turar denne jula, men vêret har ikkje vore heilt samarbeidsvillig. Men i dag - på årets første dag - slo det til! Først ein liten dukkert i sjøen med badedamene med venner. Ikkje like mange som i fjor, men ein heil gjeng vart det no likevel.
Forfriskande kaldt! -3 grader på land....

Etterpå tok eg meg ein tur i kajakken. Start frå Osnessanden.

Kryssing over mot Borgarøya.

Det er alltid fint med ein gløtt ut mot storhavet!

Den gamle handelsstaden på Borgarøya.

Dei siste solstrålene på årets første dag!

Eg pasdlar ut sundet mellom Borgarøya og Hatløya slik eg brukar. Planen er å padle yttersida av Hatløya tilbake. Men det er litt for store dønningar og tung sjø til at eg våger meg på det åleine. Det er grunt på yttersida, og er dønningene store bryt dei fleire stader her. Ikkje at det er så himla krevjande, men eg er åleine, det er vinter og sola har takka for seg. Så eg snur.
Hit, men ikkje lenger. Og umogeleg å fange bølger på bilete som vanleg....

Det er heilt greit å snirkle i litt meir skjerma farvatn óg...

Nymåne

Eg siktar meg inn på Håkonsholmen. Roppehornet badar framleis i sol.

Håkonsholmen. Alltid like idyllisk.

Litt meir snirkling.

Yttersida av Håkonsholmen. Det er berre lekkert!

Snart heime!

Ein fin tur på årets første dag. Det vart ikkje noko rulling på meg - det får være grenser. I dag var målet å kkmme seg ut, ig det gjorde eg!