GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten Ervika. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ervika. Vis alle innlegg

10. august 2021

Padling lengst vest

 Det er siste ferieveka og været er meldt fint. Og eg er invitert på besøk til Stad. I utgangspunktet berre eit sosialt besøk, men det er vanskeleg å legge frå seg tanken å utnytte høvet til å padle og. Værmeldingane er fantastiske med gode temperaturar, så godt som vindstille og nesten flatt hav. Då burde det være mogeleg å padle mellom Hoddevika og Ervika. Før eg for på besøk. Om eg no fekk nokken med meg.Stad er ikkje staden å padle åleine - uansett vær.


Eg lanserer ideen for Lene, og ho bit på. Sjølv om meldingane seier vindstille er det slett ikkje sikkert det er slik det blir. Det luraste er å starte med vinden i mot (den lille som er meldt). Om vindene vert for stri vert plan B rett og slett å snu og padle attende til start. For her er det faktisk (så godt som) uråd å berge seg i land andre stader enn i Hoddevika/Ervika om sjøen vert litt rufsete. Vi snakkar  ca 8 km med bratte fjellveggar. Etter litt studering av kart og vindretning, peikar Hoddevika seg ut som den tryggaste staden å starte.

Klar for tur! (Foto: Lene)

Enno trygt inn forbi moloen.

Det er blikkstille hav og sydenstemning aldeles! Men eg anar i det eg rundar moloen at sjølv på dagar som denne krev Stad respekt. Om eg synes Runde er vilt og vakkert, då er Stadt den tøffe storebroren, for dette er berre brutalt rått! Det er heilt uråd å beskrive med ord. Fjella kneisar himmelhøgt over oss, og sjølv om havet er så godt som flatt slår det godt inn i bergveggen. Fjellformasjonane er heilt fantastiske, annleis enn noko anna eg har sett - og det som gjer det endå meir brutalt - det er nesten ikkje fuglar her. Det er som om naturen gir grei beskjed: her har du ingen ting å gjere!! Bortsett frå akkurat i dag då, om du passar på!




Også på Stad er det nokre stader det går å padle bakom og i mellom. Det må sjølvsagt testast. Dette er heilt ukjent terreng for meg, så eg er litt forsiktig så Lene får lede an. Heldigvis er det breide passasjar den første staden vi kikkar inn i, og stort sett mindre skummelt enn først antatt.



Neste vik har meir å by på. Mykje meir. Det er smale passasjar, jettegryter, azurblått hav og vanvittige steinformasjonar. Over alt. Her har Vårherre verkeleg boltra seg. Eg vart so fjetra at eg gløymde av å ta so mykje bilete. Vi surra rundt ei god stund og såg stadig noko nytt. Utruleg artig!! Legg merke til geologien - skulle gjerne hatt ein geolog med meg på denne turen.


Foto: Lene




Vidare utover var det ikkje så mykje å padle mellom - eller dvs. det såg ikkje slik ut sjølv om kartet viser noko anna. Men på det eg trudde kom til å bli ei litt kjedeleg transportstrekning vart eg berre sitjande å glo på bergveggen utover. Er det ein stad ein kjenner seg nokså liten - sjølv på ein dag som denne - då er det her. Og for ein geologi!! Haka dett ned på brystet og eg får nesten kink i nakken! 

Ikkje heilt lett å ta inn over seg dimensjonen på landskapet.....


.......før ein har padlekompisen som viser målestokken..

Heilt rått!!

Vi rundar etter kvart pynten - først Hovden og så Litlehovden og Kobbeholmen. Fjellformasjonane roar seg litt, og inn mor Ervika er fjellsiden grøne og ikkje fullt like bratte. Reine idyllen å padle siste stykket inn mot stranda.





Turistrykket i Ervika er lang mindre enn i Hoddevika. Det er i grunn litt deilig. Vi tyner sommerkjensla lengst mogeleg og lunsjen er eit resultat av å gjere mest mogelet ut av lite på enklaste vis. Eg stiller med kokeapparat og slikt, Lene har tatt med ostepølser frå frysaren og har laga til ein fantastisk eple- og fenikkelsalat (med råvarer delvis frå kjøkkenhagen!!) som smakar fortreffeleg til pølsene. Pølser kan faktisk få eit tøtsj av gourmet...


Det er meldt tilskyande utover ettermiddagen med fare for regn, så vi ventar ikkje for lenge med returen. Eg ser for meg regnskyll, kraftige vindrosser og heftig surf inn mot stranda att i Hoddevika, og dressar meg opp i tørrdrakt. Litt overkill skulle det vise seg for å seie det mildt, men til mitt forsvar - vi er ved Stad!


Kobbeholmen

Vi legg ikkje turen innom alle krikar og krokar på ven innover mot Hoddevika, men vi får likevel rikeleg høve til å studere fjellformasjonar no og. Frå runde formar og blankskurte berg ytterst, til det rå og brutale lengre innover.







Sjøen har lagt seg enno meir no enn på veg utover, så frykta for kræsjlanding i Hoddevika var sterkt overdriven...Men det er berre heilt greitt!




Siste delen inn er på silkeføre. Ikkje nubb sjanse til ein bitte liten surf ein gong. Det kan vi no uansett ta att seinare. Dette er nok ein tur eg kjem til å sitte i lenge. Det er ikkje ofte eg mistar munn og mæle på tur, men denne gongen gjorde eg nesten det. Stad er verkeleg noko for seg sjølv, både til lands og til vanns.

Tusen takk for turen Lene - det var utruleg gildt!

3. juni 2014

Stadt


Heilt Vest der ute ligg det- Stadtlandet. Strekkjer seg mot verda bortanfor så langt det går. Myteomspunnen og etter sigande uendeleg vakker. Dei sjøfarande veit å passe seg her. Eit geografisk referansepunkt i vèrmeldinga- vèrskillet på Vestlandet går her. "Storm ved Stadt". Smak litt på det, det er noko magisk ved heile greia.

Gjengen på jobb planlegg tur og når Gudveig nyttar kvart eit høve til litt Stadreklame var det i grunn sjølsagt kor ferda gikk. I tillegg jobbar mor hennar med guiding (sjølsagt skulle vi få guida tur!), og tanta med utleige av ei koseleg lite hus som vi skulle få bu i- Ditlef Maria Huset.

Grete Fure driv Stadt Naturguiding og tilbyr fotturar og kulturformidling på Stadt. Furehornet var målet for laurdagen. Lågt skydekke og tåke, men inga grunn til å deppe fordiom. På vegen fekk vi høyre om då Olav Trygvasson kristna fire fylker (dagens Møre & Romsdal og Sogn & Fjordane), om kulturlandskapet og korleis folket på Ytre Fure livberga seg. Ein flott kombinasjon av tur og historie levande formidla av Grete. Utsikta frå Furehornet då tåka endeleg letta var formidabel. Sjampanje, jordbær og deklamering av dikt krona opplevinga. Hoddevika neste. Surfers paradise. Lite bølger og lite surfarar, men vi menga oss så godt vi kunne med dei som var. Grilling og øl i fjæra og så heim og rett i seng.

Søndag var tåka erstatta med vind. Vi gjekk for tur til Ytre Fure og familiehytta hennar Gudveig. Grøne bakkar, djup blått hav og angen av engblomar. På Indre Fure finn med eit av få klyngetun i Noreg som fortsatt er bebudd. Idyllisk og vakkert. Langsmed fjæra utover har Vårherre leika seg med formasjonar i stein og landskap og strødd blomar over det heile. Det kan ikkje beskrivast, men må opplevast.

Medan dei andre måtte heimatt vart eg att. Jobb på Eid mandag og kvifor kjøyre heile vegen tilbake til Ålesund for å sove litt og kjøyre same vegen attende? Tilbake til Hoddevika og setje opp telt. Ingen surfarar å sjå- berre meg og tjelden. "Kuling ved Stadt". Ikkje lett å sette opp telt åleine då, men det gjekk etter ein times tid og eg lærte ein heil del.

Det var så mykje eg skulle ha fortalt. Om den gjestfrie familien til Gudveig. Om naturen som både er kjend og framand på ein gong. Ikkje at eg har vore på Færøyane, men det liknar litt (trur eg). Om buråser og Ervika, Kristendom og historie- pluss, pluss. Det gjekk varmgang i kamera og det var vanskjeleg å begrense seg denne gongen. Nedanfor får du ein liten smakebit, men det beste er å ta turen sjøl.

Eg kjem heilt klart attende. Men då tek eg med meg kajakken ;)