GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

26. mai 2024

Overnattingstur til Borgarøya

 Ettersom rekognoseringsturer ut til gjekk fint, konkluderte eg med at det skulle gå greit å ha ansvaret for overnattingstur med klubben ut til Borgarøya. Fine meldingar, ikkje veldig langt - eg skulle nok klare å handtere det sjøl med ei vond skulder. Men for å være på den sikre sida allierte eg meg med Sigrid som likevel skulle være med.

I strålande vær la vi avgarde frå Jensholmen - Sigrid, Anja og eg. Litt få påmelde, men men. Kjekt likevel. Eigentleg er første del av strekket litt monotont, men det kompenserte vi fint for med bli kjent prat. Først når vi var komme fram til lykta på Dimnaneset vart det meir å sjå på. Det er alltid kjekkare å padle langs land.


Målet for turen var altså den gamle handelsstanden på Borgarøya. Etter avtale med Ulstein Kommune som eig det, var det fritt fram å telte på bakken bak hovudhuset. Turen er ikkje veldig lang, så når vi nærma oss fann vi ut at vi skulle ta runden rundt på utsida av Hatløya først. Ein fin kveld på stille hav må nytast! Og det gjorde vi. Heile vegen!

Det er berre lekkert å være utpå når det er slik.

Utsikt i retning Flø.

Håkonsholmen. 

Anja kosar seg i kveldssola!



Vel framme rigga vi oss til med telt og gjorde alt klart til natta, før vi sette i gong med matlaging. Sigrid stod for hovudretten og hadde førebudd seg godt heime så det var berre å varme opp. Eg hadde sett meg ut nokke rabarbra her ute helga før og ville lage til rabarbragraut. Både middag og dessert smakte aldeles fortreffeleg!

Kokkelering på gong. For ordens skuld: det er potetmjøl i posen til rabarbragratuten....

Herleg middag i solnedgang. Sigrid og Anja nyt!.

Hovedhuset på Borgarøya. Frå 16-hundre talet ein gong.


Neste morgon vakna eg tidleg til sol og fint vær. Dei to andre sov, så eg kokte meg litt kaffi og koste meg med stillheita, heilt til dei andre vakna. Etter frukost pakka vi ned leiren før vi gjekk på sight seeing inne i huset. Det er alltid like artig å snoke litt i slike gamle hus.

Doggfrisk morgonstund



Bestestova?

Med finevær kjem ofte havskodda, så vi fann ut at det var best å komme oss på sjøen før den tok oss att. På heimvegen tok vi turen om Stokksund. Der er det alltid idyllisk å padle. Og med både medstrøms og litt vind i ryggen gjekk transportetappen frå Dimnaneset til Stokksundet ganske greit. 

Takk for oss for denne gang!

Ein har det ikkje meir moro enn det ein lagar sjølv.

Lampa på Dimnaneset. Herøy bru i det fjerne.

Sigrid testar rulla. Den satt.

Litt sulling gjennom Stokksundet på speilblank sjø gjorde seg som avslutning på ein herleg tur! Og i det vi passerte under vegen kom skodda. Bra timing får ein vel seie.

På veg inn i Stokksundet.



Snirklepladling heilt på slutten.

Tilbake til mål!

Alt i alt trur eg det vart ein velluka tur. Vi var heldige med både vær og vind. Og når Anja fekk meirsmak fpr eg seie meg fornøgd. Kan hende vert det fleire overnattingsturar i Klubbregi, det hadde vore artig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar