GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

11. oktober 2022

Tidleg på`an til Gullura

Det er mykje og vått vær for tida, og dei få solstrålene som har vore må ein nytte så godt ein kan. Så når sola skal skine nokre timar tidlehg ein laurdag morgon er det berre å hute seg ut! Og Mona Iren er med!

Vi går for ein kort, men fin tur frå klubbnaustet og til Gullura. Ikkje veit eg kva namnet kjem frå, for det er korkje gull eller ur der, men det kling i allefall godt! Uansett er det ein fin tur dit i skjerma farvatn og godt eigna for den som ikkje har so lang fartstid i kajakk enno.

Fint og stilt frå klubbnaustet!

Det er stilt og fint på sjøen i dag. Idet vi passerer første brua er det bra mykje straum, men Mona klarer seg godt! Når vi er forbi straumen er det tid for litt teknikk. Korleis få kajakken til å gå rett fram til dømes. Eller svinge der ein vil. Det er faktisk ikkje så enkelt når ein er blodfersk (men lett å gløyme når ein har knekt koden og padla nokre år). Men vi tek det med ro. Åra har mykje å seie for kor lett (eller tung) padlinga kjennes, så det vart ei aldri så lita aha-oppleving når vi bytta åre ei stund. Tung plaståre er ikkje det enklaste....


Teknikken vart klart betre med betre åre!

Gullura! Okai då - så er det ei slags ur i flomålet.

Ikkje nokke gull, men sol. Fint det og.

Heimvegen gjekk mykje raskare enn andre vegen. Kroppen har knekt nokre kodar medan vi pausa, og betre åre hjelp heilt klart. Nokre turar til så er vi der tenkjer eg!

Bondestokksundet.

Siste etappe bort til båthamna.

Ein fin,liten tur vart det i det vesle værvinduet som var. Og etterpå kom sjølvsagt regnet.....Takkar og bukkar for turen Mona! Det vert nok fleire...

2 kommentarer:

  1. Den er virkelig fin den der blåfargen din. Hengekøyeplass, den der gullura?
    Padlemia

    SvarSlett
  2. Takk! Veldig fornøyd sjøl, ja! Det er mulig det går å dingle melleom trærne der, men det har jeg ikke undersøkt...

    SvarSlett