GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

12. desember 2021

Nærtelttur i vinterland

Det er lenge sidan eg har vore på telttur og vintertelting spesielt. Det siste krev litt mental styrke av meg å gjere åleine, men det ein ikkje døyr av osv....Eg har sett meg ut ein spot det ikkje er så langt å gå til, men passe langt unna forlkeskikken, så eg får litt kjensle av å være ute i villmarken.

Start ved den lokale lysløypa seint fredag kveld. Berre eg som er ute no.

Slutt på løypa og det ber til skogs. Litt lite snø så eg trakkar gjennom, men heldigvis er det ikkje så langt å gå.

Eg finn meg ein fin teltplass mellom furu trea og er litt spent på korleis det ser ut på dagtid....

....Aldeles fabelaktig, faktisk! Utsyn mor fjorden mellom trea.

Frukost må ein ha, sjølv om det er kaldt. Eg vil tru det var rundt -10 på natta.....

.....litt lite søvn vart det....Trøttfis!

Nydeleg utsikt i retning Ørsta litt fram på kanten....


....og hin vegen

Soloppgang.

På tide å snu nasen heim att!

Når kom meg ut av døra heima, vart det ikkje så værst. Bitande kaldt, men eg hadde pakka med meg nok klede, varmeflaske og jervenduk, dunsovepose og det tjukkaste liggeunderlaget. Likevel fraus eg litt første halvdel av natta, men det gjekk seg til etter kvart. Litt rom for justering av innhald er det, men ikkje veldig feil slik eg prioriterte det.

Det var ikkje allverden med snø utforbi løypene heller, eg trakka gjennom heile tida og tungt å gå. Sekk framfor pulk var nok rette valet denne gongen. Men her på Sunnmøre snur været fort - og snøen som ligg no skal forsvinne dei nærmaste dagane, så vi får ta det skiføret vi får. Uansett var det fint med ein telttur, sjølv om eg fraus litt og det ikkje var så langt å gå.

På gjensyn!

2 kommentarer:

  1. Flott telt-spot det der! Og for hengekøye også kanskje, siden det er furuer der?

    SvarSlett
  2. Mulig det ja. Har ikke helt skjønt sjarmen med hengekøye, så det er vel best å vente til sommeren med å teste det ut...

    SvarSlett