GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

28. november 2021

Vinterpadling på Søre

Vinteren er komen til Sunnmøre og kva er vel då meir naturleg enn å planlegge ein padletur? Sjølv om det er silkeføre og snøen kan forsvinne kva tid som helst...Yr seier det er fine forhald yst ute, og Grasøyane lokkar i det fjerne. Men når dagen kjem og kuldegradene kryp nedover, freistar det ikkej så veldig å padle utover i bitande kald sno. Plan om utaskjærs vert umiddelbart omgjort til innaskjærs.

Ulempa med kuldegrader og padling er is. I Eiksund kjem vi oss rett og slett ikkje ned til sjøen. Siste meteren ned mot vatnet er isdekt, så om vi kjem oss utpå blir det værre opp att. Vi hiv oss rundt og siktar mot Kjeldsund i staden. Etter litt rekognosering der, kjem vi til at det lettaste er nok å gå ut i Dragsund. Som sagt så gjort.

Endeleg ferdigpakka og Lene er klar for tur. Gradestokken viser -6 

Det første stykket inne i båthamna er isdekt. Heldigvis ikkje av det tjukke slaget, men tjukt nok.

Dragsundbrua. Vi siktar oss i retning Kjeldsund.

Lene i fint driv i ny leikekajakk - ein PH Delphin....

.....medan eg framleis har Lene sin Nuka til låns.

I Kjeldsund møter vi is.....

Ganske tjukk is faktisk, så vi må legge om kursen 180 grader

Vi stilar utover mot Dimna og Kvitøya istadenfor.

Nydeleg vintervær!



På Kvitøya går vi land, bålar litt og får i oss mat og varmt å drikke. Eg er mest oppteken av å kose meg, så eg gløymer aldeles å ta bilete. Dessutan krev det litt kapasitet å halde varmen. Neoprensko er omtrent like varmt å vasse i snøen med som gummistøvlar. Og det skal ikkje mykje snø til inn under beina før det vert frykteleg kaldt. Men vi kosar oss lell og nyt det fine vinterværet. Og er skjønt einige om at det nok hadde vore litt utriveleg å padle ytterst ute i dag. Etter ein liten time på land byrjar kulden å merkast på kroppen, så vi snur nasen heim att.

Snødekte Sunnmørsfjell er fine også frå kajakk.

Innover mot Dragsund att.

Håpet med dagens tur var i utgangspunktet å få testa Nukaen endå meir i bølger. Det utgjekk. Rulling utgekk og. Det var rett og slett for kaldt. Men eg padla korkje fortare eller seinare i Nuaken enn i Playen vil eg tru, og eg sat godt i dag og sjølv med sitteunderlag i setet og ekstra stillongs. Pluss i margen for det. Uansett vart det no ein fantastisk flott tur i gneistrande fint vintervær! Så får vi heller ha Grasøyane til gode når gradestokken kryp oppover att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar