GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

26. september 2021

Søndagstur rundt Hatløya

 Etter ein nokså amputert konfirmasjon for minsta og mykje arbeid til ingen nytte, hadde eg behov for litt åleinetid. Skydekket såg ut til å sprekke opp, og eg gjekk for ein spontantur til Borgarøy og rundt Håkonsholmen.

I dag tok eg greenlanderen.

Eg bestemte meg for å ta runde motsatt veg enn det eg normalt brukar å gjere. Det kan ofte være lurt, for då oppdagar ein nye viker og andre ruter. Denne gongen såg eg ein fin lagune som kanskje kan være moro å snorkle i. Det var fint lys utover, men litt vanskeleg fotovær med litt for store kontrastar. Stort sett berre meg utpå i dag. Like greit.

Potensielt fin snorkleplass.

Siste biten før sjølve handelsstaden. Fint lys, men vanskeleg å fange på film.

Handelsstaden på Borgarøya. Uvant gjest. Her ligg det som regel berre  fritidsbåtar.

Ein seglbåt dukka opp mellom holmane.

Eg gjorde det enkelt med middagen i dag.

Det er grunt på yttersida av Håkonsholmen og det merkes på bølgene. Men dei vises sjølvsagt ikkje på bilete.....




På heimveg skya det til att. Det såg ein augneblink ut til at det skulle komme regn, men det vart det no heldigvis ikkje. Ein fin og roleg tur var det no i alle fall. Godt for kropp og sjel. Og i litt betre humør etterpå.

2 kommentarer: