Mildrid bur slik til at ho har god oversikt over kva som skjer på sjøen ned forbi. I flere veker hadde ho observert ein delfin som tydeleg jakta på fisk i området, men kom og gjekk litt til og frå. Og når ho på nytt observerte delfinen att, var Lene og eg ikkje vanskelege å be! No er ikkje delfin heilt det same som spekkhoggar og knølkval, men kval er kval!
Ikkje heilt lett å komme inpå denne karen - han var vel mest oppteken med å finne mat enn å vise seg fram for oss. Og for ein fart! Ikkje heilt enkelt å ta bilete av så eg gav det litt opp, men det spelar lita rolle for opplevinga var no flott sjøl om eg ikkje fekk det på film! Og kjekkast av alt - fantastisk kjekt selskap - det er alt for lenge sidan!!
Delfiner er artige! Ikke like store som de andre nevnte, men har absolutt en egen sjarm. :)
SvarSlett