GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

23. juli 2021

Nærtelttur

Ein har det ikkje meir moro enn det ein lagar sjølv. Når ein ikkje har høve (eller kondis)til å ta seg ein retteleg long fjelltur, er det kjekt å med dei turane ein får til. Konseptet kortreist overnattingstur med kajakk let seg lett overføre til fots, og som sagt så gjort. Sekken vart pakka, turmål sikta inn og i 9-tida på kvelden la eg av garde til eit fjell nær meg.

Bratt oppover. Og tung sekk. Ei stund lurte eg faktisk på å snu, men om ein berre tek eit steg i gongen, kjem ein seg ofte dit ein vil.  Toppen midt i bilete er kveldens mål.

Fantastisk utsikt utover når eg var komme opp den verste stigninga!

Sjølsagt må ein teltplass ha utsikt. I allefall her på Sunnmøre. Slik at ein kan sitte ute og nyte solnedgongen med ein øl.....


.......om det ikkje var for all knotten. Og myggen. Eg prøvde så godt eg kunne å pakke meg inn, sjølv om gradestokken viste +18. Men det nytta ikkje. Berre å krype til køys.

Forøvrig heilt grei plass å legge seg til å sove i......



.......og like fint er det når ein vaknar. 5 stjerners friluftshotell her altså.



Litt OK å sitte over skoddehavet og ete frukost i sola. Hadde eg ikkje komme meg på tur, ville eg vakna til tett tåke og tenkt at det det er noko drit med den havtåka. Det er det jo, om ein då ikkje tilfeldigvis vaknar over tåkehsvet oppe i høgda! Då er er det berre å nytte høvet til ein tur vidare innover før eg vender nasen heim att.
Denne heiloen fulgte med meg eit stykke. Den har vel enno ungar å passe på.

Toppen i sikte! Her møtte eg på eit par spreke damer som hadde telta der. Ei av dei hadde aldri vore på telttur før.Corona har jammen gjort noko med nordmenn sine ferievanar.

Kjent landemerke sett frå ein anna vinkel enn til vanleg. Det ser passe snodig ut med desse trea langs åskammen.

Sommar, sommar, sommar! Det er berre lekkert oppe i høgda no på sommaren! Og så vert ein såklart litt ekstra solbrent og......




Eg var litt spent på korleis turen ned bratta med tung sekk skulle gå. 20 kg og dårleg form (og kne) er ingen heldig kombinasjon. Men som opp, gjekk det greitt ned att med å ta det med ro. Og litt lærdom kan ein jo og ta:

1) Ikkje legg teltturen i for bratt terreng når forma er elendig
2) Finn ein teltplass nær elv/vatn, så sparer du fort fleirfoldige kilo
3) Det er fullstendig bortkasta å ta med øl. Knotten øydelegg for kosen likevel, dessuten er det ekstra vekt i sekken
4) Det er ikkje kjekt å ligge å fryse på natta, så jervenduken burde blitt med


Eg telta på haugen ca midt i bilete, og gjekk dagen etterpå vidare til toppen heilt til venstre. Flott tur, men veit ikkje heilt om teltet får bli med før forma er blitt noko betre....

1 kommentar:

  1. Nærteltturer er fine turer! Veldig bra opplegg. Men øl, det er jo mest vekt per prosent, på en måte! Vin er bedre, sprit enda mer... (Nuvel, er som regel øl jeg tar med sjøl, for jeg drikker så sakte at det holder uansett med 0,33…) Flotte teltbilder!

    SvarSlett