GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

23. januar 2021

Geitenibba (854 moh)

 Sol og fint vær. Gnistrande minusgrader OG pudder. Klart ein må nytte høvet. Og så får ein sjå seg ut eit turmål som er i samsvar med evnene. For dei er ikkje det dei ein gong var. Knea er skranglete og forma elendig. Men ein treng ikkje alltid gå så kvasst eller så longt her på Sunnmøre for å få magiske turopplevingar. Kjekt då med Lene som har eit fint reportoar av ulike turer med ulik vanskeligheitsgrad å plukke frå.

Medan ein heil skokk utstyrt med randonee ski set kursen opp mot Høgsvora, rettar vi blikket mot Geitenibba. Med fjellski. Det treng ikkje alltid være så komplisert. Om kondisen er elendig og lårmuskulaturen er fråværande kjem eg fort inn i min gamle tralt på fjellskia. Kroppen har liksom sitt eige tempo uansett, og eg slit litt med å halde følge med meg sjølv!

Jamt tempo, korte pustepausar og vi kjem oss opp den første, lange stigninga. Lunsj i sola og vurdering av forma. Vi fortsett litt til - om ikkje anna så fram til foten av sjølve Geitenibba. Og den ser jo ikkje så lang ut så joda - vi satsar på toppen!! Dei siste høgdemetrane går tregt. 10 steg og så pause. Nye 10 steg og ny pause. Utsikta får vente. Skituppane er meir interessante akkurat no. Men enedelig - så er vi oppe! Og for ei utsikt! Tinderekke på tinderekke så langt auge kan sjå. Hav, fjord og fjell! Og det aller beste - vi har alt for oss sjølve!

Ned att er ikkje like morosamt. Eg er gåen i beina og har fått krampe i låra i tillegg. Føret er vel heller ikkje optimalt tatt i betraktning ferdigheitsnivået, men ned att må vi. Og helst for eigen maskin. Siste biten ned som eg har gledd meg til vert for meg den mest krevjande. Djup pudder og lite samarbeidsvillige bein er ikkje heilt optimalt. Men eg slepp faktisk å spenne av meg skia som eg frykta. Og ned att kom vi! 

5 fantastiske timar ute i gneistrande vintervær. Slikt gjer godt både for kropp og sjel. Konklusjonen er at fjellski må vi gjere meir av, og at rando-folket som kom etter oss ikkje brukte noko særleg koratre tid ned att enn det vi gjorde! Tusen takk for flott tur Lene!!



Klare for tur. Og sola har akkurat karra seg over fjella på andre sida.


Naudsynt pustepause i bakkane oppover - kondisen er ikkje det den var. Spora er Lene sine frå dagen før.

Velfortent pause. Reine påskestemninga.

Målet i sikte. Den lille til venstre. Den høge midt i bildet er Høgsvora. Ikkje aktuelt på ei stund.....

I skuggenes dal. Greit med ei flate før siste oppstigninga.

Endeleg på toppen! Vi ser heim begge to. Der ute ved havet ein stad.

Sunnmørsalpane er mektige! Og dette er berre eit bittelite utsnitt. For det som utgjer Sunnmørsalpane strekker seg over eit enormt stort område..

Mykje trakk og mykje folk på Høgsvora (i bakkant). Lite på Geitenibba. I grunn heilt OK.

Nedover att. Lene i fin stil!





2 kommentarer:

  1. Svar
    1. Ja det var en veldig fin tur! Sjøl om d er mye å hente på kondisen.......

      Slett