GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

29. november 2020

Adventspadling i Skodje

Vinteren har gjort sin ankomst, og det konstante regnet har endeleg gitt seg. Det har regna og/eller blese i vekesvis, og eg er sånn passe lei. Når det endeleg er opphald OG helg samstundes er det berre å nytte høvet.

Det er fleire år sidan eg har padle ved Skodjebruene, og når det er litt kald sno i ytre strøk, er indre å foretrekke. Murvika i Skodje er no vel eit fint utgangspunkt tenkte vi - kort veg til bruene, skjerma og fint. Tenkte vi. Eg hadde mistanke om at det kanskje ikkje vart så lett i det eg køyrde over brua og såg innover. Is heile vegen. Og jaudå - den låg relativt tjukk utpå viste det seg når vi sjekka. Definitivt ikkje slusj eller mogeleg å padle når relativt stor stein vert liggande att oppå isen når vi testar.

Nuvel. Her var det berre å snu nasen litt utover att, til isfri sone. Berre nokre kilometer lengre ute i fjorde, på andre sida av bruene, var det heilt isfritt og mykje mildare. Frå Stette padlar vi innover mot bruene. Heile poenget med dagens padletur var jo å få padla under dei særs vakre kontruksjonane. Ta nokre flotte bilder å legge ut på Instagram. Om ein berre visste kor eg hadde pakka kamera .....Etter mykje leiting gir eg meg på det, og vi vert einige om at bildedeling etter turen er ein god ting.


Kamera eller ikkje - det er speilblankt og fint innover. Her er det Ingvild som har fotografert meg og Lene.


Gamal (fremst) og ny bru. Den gamle er heilt klart finast! Foto: Lene

Og sjølsagt - sidan eg ikkje har noko kamera - ser vi oter som leikar seg i straumen under bruene. Vi kjem ganske nære og det er artig å sjå på. Men no byrjar eg å få neglesprett. "Har du fiskevottar med deg?" - spør Lene. Nei sjølsagt har eg ikkje det heller. Eg er blitt så urutinert at eg ikkje ein gong tenkte tanken på at eg kom til å bli kald på fingrane, eg kom ikkje på at eg har eit par heller....Men eg får låne av Lene og bergar fingrane til vi finn ein høveleg rasteplass.



Lene tenne opp bål medan eg leiter fram litt gløgg og pepperkaker. Og kva finn eg mens eg styrer på? Kamera sjølsagt....Jaja. Uansett - det er godt med varme frå bål og varmt i kroppen.





Fjorden ligg speilblank også når vi snur nasen heimover. Det er utruleg flott å være ute slik. Vinterpadling er undervurdert. Stilt og fredeleg. Men kaldt på fingrana. Neste gong vert fiskevottane med! Takk for flott tur!

2 kommentarer:

  1. Kan trøste med at jeg på lussepadling hadde glemt klær til å kle på etter turen, desinfiksjonsmiddelet jeg for en gangs skyld hadde husket å ta med ble glemt både brukt og tatt med hjem igjen, jeg glemte stormcag som det nå er høysesong for å få bruk for, energibomba jeg hadde pakket, drikke, ja helt sikkert mer men det var sånn uten betenkningstid…

    SvarSlett
  2. Kom på åre i det samme jeg trykket send! Det ordnet seg med at jeg hadde en annen åre liggende i bilen, men dog. Ikke tatt med den jeg egentlig skulle bruke.

    SvarSlett