GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

4. februar 2019

Vintertur til Flåvær

Fine meldingar til helga og besøk i vente. Då må det bli tur! Ski eller kajakk? Vi ser. Vi følg med på yr og konkluderer med at vi begge har mest lyst på padling. Om det vert langt eller kort får vi avgjere når vi får kjent på dagsforma. Som viser seg å være grei. Då vert det Flåvær.

Kaffitørsten tek litt av formiddagen så vi er ikkje på vatnet før rundt kl. 13.00. Vi reknar på det og finn ut at vi har tida likevel. Det er klarvær og lys nok til klokka er 18.00. Minst. Det skulle halde.

Sidevind og Romany er ingen god kombinasjon. Og om du legg til dårleg trent korpus (magemusklane i særdelesheit)i tillegg, då vert det mykje arbeid og lite framdrift i høve til innsatsen. Eg kald når vi stig på land borte ved fyret sjølv om eg har jobba godt og passe maroder. Godt då å få på litt klede og noko varmt i skrotten!

Vi har ikkje tid til den heilt lange kvilen, så det er berre å trasse den kalde vinden, pakke ned fjellduken og ta på seg våte, kalde hanskar att. Så er det berre å sloss mot sidevinden på returen òg. Eg rett nok brukt musklane på den andre sida, men det er ei mager trøst.

Eg gjer meg nokre tankar på returen. 1) eg må trene meir. Definitivt. Det siste året har gått med til oppussing, flytting og knallhard bruk av sittemusklaturen. Det vert ikkje vaskebrett av slikt. 2) Eg må ha meg ny kajakk. Romanyen kan være så god den berre vil om du er mann, 185 cm/80 kg og veltrent, men eg treng ein kajakk med mindre vindfang og lårstøtter det går å få tak på med låra (!)slik at eg klarer å rulle meg opp att i bølgene på Alnes. Eg gidd rett og slett ikkje meir. Eg seier ikkje at Romanyen ikkje passar for kvinnfolk, berre at den ikkje passar for meg! 3) At det er alt for lenge sidan eg padla og dette må eg gjere noko med.

Vi er attende i god tid før det er mørkt. Eg er sliten, men nøgd. Det har vore ein fin tur i vinterleg landskap. Og heldigvis for meg er det enno tidleg i padlesesongen så det burde være mogeleg å komme seg i form fram mot sommaren. Så får eg berre krysse fingrane for at padlefrekvensen for 2019 vert betre enn i fjor. Og at eg finn meg ein likandes kajakk som eg slepp å slosst så mykje med.

På veg mot Herøy Gard.


Gurskøya til venstre, men bak holmen rett fram......

......ligg Flåvær- du ser det ca. midt i bildet om du myser litt.

Odin på veg mot Flåvær. Skorpa tv. og Nerlandsøy th.

Den gamle handelsstaden på Flåværet.

Speilblankt i Flåværhamna. Her gjekk det å finne ly på veg over mot Stadt når været stod for hardt på.

Nesten påskestemning!

Frå ope hav til alpine fjell berre ein snur seg 180°...Innover mot Haddal og Ørsta.
Tilbakeblikk mot Flåvær som ligg og badar i vinterpastell.

Odin sin versjon av turen kan du lese om her


6 kommentarer:

  1. Takk for ein fin tur, Sygni :-)

    SvarSlett
  2. Da er du nå godt i gang med lista her. :) Blir bra det der. Ellers har jeg også pkt 1 og 3 å stri med egentlig, selv om jeg ikke har flytta en gang.

    SvarSlett
    Svar
    1. Pkt. 2) er iverksatt. PlayLV undervegs og Romanyen har bytta heim.

      Slett
  3. ÅÅÅ det ser helt underbart ut! Norges natur är ju bara helt fantastisk med hav och fjäll på samma gång <3 /Susanne

    SvarSlett
    Svar
    1. Å så kjekt å høre fra deg igjen! Jeg har vært litt borte fra hele blogginga en stund nå, men nå er det på tide å komme seg ut igjen. Ja - vi er heldige som bor så nært variert natur. Men hakem er jo alt været, he he.

      Slett