GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

24. februar 2019

Dykketur i Tovågen

Mildrid var sugen på dykking, og Odin og eg var lette og be. Det vil seie- når det kom til stykket var ikkje været heilt på lag. Mykje vind og regn, og eg er framleis nokså uerfaren og treng det litt trygt. Då er Tovågen grei- kort veg fra dusj til fjøre, og skjerma frå den værste vinden.

Denne gongen fekk eg faktisk til å dykke. Ikkje veldig elegant enno, og eg brukar nok mykje unødvendig krefter på å komme meg ned, med eg låg ikkje og plaska i vasskorpa slik som sist. Eg kom vel meg ned på omlag 3-4 meter på det djupaste før eg fekk vondt i øyrene. Eg må nok øve meir på å utlikne. Men det er kjekt å kjenne på at eg fekk det betre til no enn sist. Kjekk tur i godt selskap var det i allefall - og neste gong får vi driste oss litt lengre ut i havet der det er meir å sjå! 

Billedkvaliteten denne gongen vart så som så. Kamera byrjar å bli utslitt - rett og slett, så difor har eg stole nokre bilder frå Mildrid.



Odin undersøker ein fin bukett sjønellik.



Nokre av oss går djupare enn andre. Det er nok ei stund til eg er like flink som Mildrid.


Har ein eit brukbart kamera og pust nok til å ligge i ro lenge nok til å fokusere er det mykje fint å ta bilde av. Her har Mildrid knipsa sjønellik. Og Odin og meg på veg nedover th.

Underteikna. Foto: Mildrid

Gamal jolle og korstroll. Kamera gjer jobben best på grunt vatn.

2 kommentarer:

  1. Kult, jeg er passelig misunnelig på det der, skulle gjerne drevet med det sjøl.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er ganske fascinerende å se hva som befinner seg under vann.

      Slett