GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

11. juni 2017

Rulletrening i Tovågen

Tre veker sidan operasjon i kneet, og eg undrar sjølvsagt på om det går like greitt å rulle som å padle. Fest fredag kveld, og litt optimistisk gjekk eg heim att framfor å ta drosje- noko eg definitivt ikkje skulle ha gjort. Så laurdagen gjekk det litt seint unna og formen var kanskje ikkje heilt på topp. Men rullast skulle det! Det endte opp med grilling i staden, slarv på sofaen og overnatting, men med dei beste intensjonar om rulling dagen derpå.

Eg kryssar ikkje fjorden med kajakk på taket berre for å grille. Såklart vi skal rulle! Eg har faktisk ikkje rulla sidan i desember i fjor så eg er litt spent. Bestemmer meg for ikkje å tenkje og testar  standardrulla, først på eine, så på andre sida. Godkjent. Litt pause og utforsking av området. Tovågen er ein idyllisk liten våg. Så testing av shotgun både sider- godkjent! Norsaq og håndrulle- godkjent dei med, rett nok berre på godsida.

Mildrid kjøyrer gjennom heile repertoaret sitt. Er ikkje heilt nøgd. Men ho har rulla like lite som meg det siste året, så det er ingen grunn til å henge med nebbet når ein klarer albogerulla etter eit halvt års pause! Dessutan vert vatnet stadig varmare og no er vi i siget att! Ein liten time er nok. Eg fikk til meir enn eg hadde håpt på, eg unngjekk hjernefrys, og kneet tolte det sånn høveleg bra. Eg tenkjer det er godt nok. Og vel så det!











1 kommentar:

  1. Imponerande av dig o Mildrid! Den tredje bilden är tuff!

    SvarSlett