GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

21. mars 2016

Surfesymposium i Hoddevika, 2016

2016 og Gloppen Padleklubb inviterer på ny til surfesymposium i Hoddevika. Sliten, lei, kranglete kropp- skal skal ikkje? Mildrid sender melding om at ho er påmeld- det vert tunga på skåla og eg melder meg på eg og. Eg pakkar med meg det eg har av fotoutstyr i tilfelle eg mest vert gåande på land å å trø- det er no kjekt å ta bilde og.

Etter kvart som deltakarane kjem vert det stinn brakke hos Stadt Surfing. Det er like hett i lokalet i år som i fjor, fasilitetane og manglane er omtrent dei same, men med stadig like høg sjarmfaktor. Vi deler oss inn i to grupper- dei ferskaste vert med Ronny frå God Tur, og dei med litt meir erfaring tek Torbjørn seg av. Eg går for siste kategori sjølv om eg ikkje er heilt i slaget i år. Lite/inga søvn natt til laurdag hjelper ikkje på. Alt kjennes gale. Vatnet er kaldt, eg vert svimmel og kvalm på null komma niks, timinga mi utover er elendig, og ettersom eg ikkje får til rulla er eg meir i vatnet enn oppi kajakken. Sliten og elendig ser eg for meg at det vert ein kort tur utpå etter lunsj, og deretter fotografering frå land.

Men det er utruleg kva ein lang lunsj med litt slumring og pep talk frå Torbjørn gjer. Det går så det griner, i alleall nesten. Timinga utover er framleis elendig, men eg får til hengetak i sidesurf, bølgekjensla eg veit eg har kjem attende og eg rullar meg neeeeeesten opp etter ein velt! Etter nokre timar i sjøen og heller lite fotogafering er eg heilt mødd. Men akkurat det ser eg at eg ikkje aleine om..... Ein nydelig middag på Stadt Surfing gjer seg ekstra godt etter ein slik dag. Mørt og kortreist. Dei kan å lage mat her! Og i år som i fjor vart kvelden avrunda med ein cellokonsert med Henrik.

Søndag vert det øvd på redning i bølgene. Ettersom eg allereide er god på å bli redda under slike tilhøve men ikkje er heilt i slaget, står eg over å redde nokon denne gongen. Men det er mykje læring i å bli med på diskusjonen likevel.  I løpet av dagen vert eg derimot betre på timinga utover, det vart litt mindre symjing og noko meir surf. Når eg då får ein lang og fin kanonsurf og bommar på lågt støttetak når eg skal hoppe av- men RULLAR meg opp att- er eg i grunn fornøgd med meg sjølv og avsluttar dagen medan leiken er god.

Gloppen Padleklubb skal ha honnør for årets samling- rammene er uansett fantastiske, innpakkinga delikat og val av instruktørar kanon. Strukturen på gruppene i år var mykje betre enn i fjor, så her har nok alle partar lært noko etter fjoråret.

Heldigvis og desverre vart det teken litt mindre bilete enn planlagt. Autofokus, dårleg lys, til dels lange avstandar gjorde det litt utfordrande, men nokre brukbare bilder vart det likevel! 

Første leksjon i vatn utan kajakk. Når du først er blitt våt og har kjent bølgene og på kroppen er i grunn det værste unnagjort.

Th:Odin er med som utskremt journalist frå bladet Padling. Bilde av fotogaf er alltid like morsomt.

Torbjørn



Mildrid


Henrik. Med kajakk og utan cello, men fortsatt med ein pinne i handa.

1 kommentar: